Fredrik Haustein var god for Os-gutane i den tv-sende kampen mot Sunndal.
Fredrik Haustein var god for Os-gutane i den tv-sende kampen mot Sunndal.

Rauk ut av cupen på direktesendt tv

Han ante at det ville bli ein jamn og målfattig batalje. Men å ryka ut av Norway Cup på golden goal, direktesendt på TV2, det var ekstra surt.

Vidar Alfarnes

Frilans

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredrik Haustein har fått nokre minutt for seg sjølv, etter at den brutale avgjersla var eit faktum. Sunndal feirar med fjernsynskamera tett på, og osingane kan ikkje anna gjera enn å konstatera at Norway Cup 2015 er historie.

Variert sommar

- Vi var gode i gruppespelet. I dag mangla det vesle ekstra. Ingen av laga hadde mange sjansar. Dei scora på ein av sine. Det klarte ikkje vi, sukkar Haustein.

Ein midtbaneslitar med stor arbeidskapasitet, fin teknikk og blikket som ein fotballspelar i ein slik posisjon må ha.

Slik ser det ut når ein har tapt 16-delsfinale i Norway Cup.
Slik ser det ut når ein har tapt 16-delsfinale i Norway Cup.

- Det er berre ein ting å gjera: Reisa heim å trena meir, seier 15-åringen frå Moberg, som startar på Os gymnas om nokre veker.

Før turen austover var han ein tur til Mallorca med familien. Også der vart det bra fotballspeling med andre gjester på hotellet.

- I tillegg til trening med gutane, har eg også halde meg i form gjennom sommaren med å byggja mur heime, røpar Haustein.

Heit på tampen

Men det var ikkje berre gutane til Os som var uheldige i ekstraomgangane. Juniorane på Os 2 leia 1-0 i 8-delsfinalen, etter at Aksel Lande hadde stanga ein corner kontant i mål. Fløy utlikna midtvegs i andre, og då dei aller fleste hadde tankane på den komande straffesparkkonkurransen, fekk sørlendingane straffe.

- Det var utruleg surt for ein gjeng med spelarar som ikkje satsar like mykje som dei på førstelaget, men som like fullt har veldig mykje fotball i seg, fortel Tore Kleppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ringevikar

Han kan også rapportera om ei aldeles strålande veke reint sosialt.

- Vi var kring 230 osingar med smått og stort på Triaden Hotel i Lørenskog. I tillegg var Kjetil Brurarøy og jentene hans på eit anna hotell. Norway Cup er i all hovudsak ei breiddeturnering, og det sosiale er veldig viktig. For mange er dette gulerota som gjer at ungdomar tek ein sesong til. For dei vil så gjerne ha med seg neste sommars tur til fotballfesten på Ekebergsletta. Då snakkar vi også om samfunnsøkonomiske vinstar, meiner den ivrige Os-leiaren og "sjefssupportaren".

Med heile tre juniorlag i årets litt småvåte cup-utgåve, måtte Os også fri til ein del spelarar som eigentleg har lagt skoa på hylla. Ein av desse var Mikal Reed Larsen. For han blei årets Oslo-opphaldet ein stor opptur, og i følgje Kleppe har han no sagt at han ønskjer å vera ringevikar i haustsesongen.

- Og dei treng vi i fotballen også.

PS! Dei beste Os-juniorane spelte også 8-delsfinale. Mot KFUM Oslo. Det enda 0-5. Det litt kuriøse her er at dersom begge Os-laga hadde vunne sine kampar, hadde dei barka saman i kvartfinalen.