Steinar og Else Eidsvik skaut i banefinalen i går. Else skaut 100 og blei Os Skyttarlags beste i V73 med ein 19. plass. Steinar skaut 97, og hamna eit godt stykke lengre ned på lista.
Steinar og Else Eidsvik skaut i banefinalen i går. Else skaut 100 og blei Os Skyttarlags beste i V73 med ein 19. plass. Steinar skaut 97, og hamna eit godt stykke lengre ned på lista.

Rekordmange finalistar

Aldri før har Os hatt 16 finaleplassar i eit Landsskyttarstemne, og så mange topplasseringar på innleiande skyting som i år.

- Dette er langt over det me kunne våga og tru før stemnet starta for ei veke sidan, seier Anstein Eidsvik i Os Skyttarlag.

På siste dag av inneleiande skyting fekk laget fem nye finalistar. Best av desse var Sofie Evensen. Med sine 249, inntok ho ein 11. plass før dagens finalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Øystein Haugland er einaste senior på banefinalen, men han er nok for langt bak til å hevda seg heilt i toppen, seier Anstein Eidsvik.

Terje Os, Oddvar Drange og Arvid Austefjord er også klare for fredagens NM-finale i feltskyting.

- Eg må også ta med at Oddvar Drange, som med sine 20 treff vann stangskytinga i klasse V55, seier Anstein Eidsvik.

Dagens finaleprogram

Først ut vidare på 100 meter er Amalie, i klasse Eldre Rekrutt. Ho står med 250 før finalen og leiar klassen.

Amalie skyt kl.09.00

Neste ut er Sofie Evensen i klasse Rekrutt. Ho står med 249 før finalen og ligg som nr.11, eitt poeng bak leiarane.

Sofie skyt kl.10.30

Siste ut på 100 meter er Reidar Dahle, som står med 250 før finalen, og ligg som nr.14 likt med leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reidar skyt kl 11.30

På 200 meter er Tor Egil Gjerde førstemann ut i V55. Han skyt sin finale kl.08.40. Tor Egil har 242 før finalen.

Nestemann er Arvid som skyt kl.09.00. Han har 246 før finalen, og er tre poeng bak leiaren, og ligg som nr.13 før finalen.

Sistemann ut på 200 meter er Øystein Haugland i klasse 3-5 som har har 240 før finalen. Han skal skyta kl.14.15

- Me ønskjer heile gjengen masse lukke til, seier Anstein Eidsvik.