Os-damene kan trygt applaudera eigen innsats denne hausten.
Os-damene kan trygt applaudera eigen innsats denne hausten.

Respektabel haustsesong

Trass i seksmåls-tap heime mot Fana onsdag kan Os-damene sjå tilbake på ein respektabel haustsesong i den nye 2. divisjonen.

Når osingane har ferdigspelt sine 11 kampar for hausten, ligg dei per dags dato på tredjeplass på tabellen i 2. divisjon avdeling 02.

I lys av at laget så vidt sikra seg plassen i den nye nasjonale 2. divisjonen, må haustens poengfangst vera svært tilfredsstillande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Før sesongen snakka me om å overleva, men etter ein halv sesong kan me konkludera med at nivået ikkje er avskrekkande, og at me har gjort ein bra haustsesong, seier trenar Trond Førde Eriksen.

Fana 2 for sterke igjen

Til liks med i vår vart Fana 2 også onsdag kveld for sterke for Os-damene. Dei gulsvarte tapte til slutt 23-29 for fanabuane.

- Me fekk Madeleine Hjertnes skadd etter 13 minutts spel og vart nok litt prega av det utover i kampen. Dei som kom inn tok tak, men me har ein tynn tropp og mange vart slitne, fortel Eriksen.

Med 14 poeng i boks held dei likevel laget med tilhald i Slåtthaughallen bak seg på tabellen til over nyttår.

På plassane framfor Os ligg Åsane med 18 og Førde med 20. Begge har éin kamp igjen før juleferien.

- Plasseringsmessig er me godt nøgde med hausten, men både Åsane og Fana 2 er lag me er sugne på å tukta til våren. Det skal vera mogleg å ta meir enn 14 poeng på ein halv sesong i denne avdelinga, konstaterer Eriksen.

Os-damene startar vårsesongen med to bortekampar 14. og 15. januar.

- Me startar mot Vikersund, så er det Skrim dagen etter. Begge laga slo me med god margin heime, men eg veit at laga har fått forsterkningar, så me skal ikkje ta for lett på oppgåvene, seier Eriksen.