Ryddar veg for dobbelhallen
Arbeidet med å rydda veg for den nye dobbelhallen på Kuventræ er godt i gang.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- I ordets rette forstand ryddar me veg til hallen i desse dagar. For å få plass til den nye doble idrettshallen må me flytta deler av Idrettsvegen inn på tomta til Olav Botnevik, og som du ser er me godt i gang med det, sa prosjektsjef i Os kommune, Tor Inge Døsen, då me var med han på befaring torsdag ettermiddag.
- Var det greit å få til avtale med Botnevik om bruk av hans eigedom?
- Me hadde ein konstruktiv og grei dialog med han, og er veldig takksame og glade for at me fekk til ei ordning.
Parkering i kjellaren
Den nye dobbelhallen kjem i forkant av den gamle, altså der som det i dag er parkeringsplass og ei lita "øy" med fjell og tre.
På sørsida vil den nye hallen strekkja seg endå eit hakk lengre sør enn det gamle anlegget.
- Det vil altså seia at veggen kjem godt ut her i dagens veg, seier Døsen og peikar og viser.
- Om lag her kjem bakre hjørne med garderobane, medan bygget vil strekkja seg heilt ned dit, seier Døsen og peikar i retning skogryddar-bilen i grøftekanten nedanfor.
Dagens parkeringsplassar på framsida av Oshallen vil altså forsvinna. Under den nye hallen kjem ny parkering.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det kjem eit flott parkeringsanlegg i kjellaren med plass til 50-60 bilar, seier Døsen.
Mål om ferdigstilling i år
Dobbelhallen vil bli bygd i direkte tilknyting til den gamle. Nybygget vert på i overkant av 6.000 kvadratmeter, og er estimert til å kosta kring 60 millionar kronar.
Om alt går som planlagt, startar ein på grunnarbeidet på den nye hallen i månadsskiftet april/mai. Vidare er målet at bygget skal stå ferdig til bruk innan utgangen av 2017.