- Handlekrafta gjer at spelarar vert signert, som med Ståle Steen Sæthre, som vart klar under eitt døgn etter han tok kontakt med klubben, seier Tore Nielsen.
- Handlekrafta gjer at spelarar vert signert, som med Ståle Steen Sæthre, som vart klar under eitt døgn etter han tok kontakt med klubben, seier Tore Nielsen.

- Rykta kjem av misunning

Tore Nielsen fortel at det var lett å bli riven med av alle rykta om Lysekloster då han var A-lags-trenar for Os. No er han Lyseloster-trenar, og har eit heilt anna bilete av klubben.

- Kva inntrykk hadde du av Lysekloster då du var trenar for A-laget til Os?

- Det var lett å bli rive med av alle rykta om store utbetalingar til spelarar, og at satsinga berre er eit luftslott, som kjem til å vara eit par år før det er over, seier Nielsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han sjølv kom til klubben for om lag eitt år sidan, fekk han eit heilt anna inntrykk.

- Det er ikkje som osinger og andre folk trur. Det er snakk om edruelege summar, og det er ein enorm struktur på heile klubben. Alt vert lagt til rette både for trenarar og spelarar, ved hjelp av dugnadsarbeid. Eg er utruleg imponert over måten dei driv klubben på. Eg er glad eg får vera med på dette. Denne klubben kan nå så langt han vil, seier Nielsen.

Profesjonell

Den tidlegare Os-trenaren meiner rykta kjem grunna misunning.

- Det har hendt at me har forespegla kontrakt til spelarar, som seier dei får meir i klubben dei er i. Dette er klubbar som seier at Lysekloster betaler spelarar godt, og så betaler dei faktisk meir sjølv, seier Nielsen.

Styret lir ikkje av beslutningsvegring, og treng ikkje innkalla til møte for å få ting gjort.

- Det er nesten berre til å knipsa med fingrane, så er det gjort. Handlekrafta gjer at spelarar vert signert, som med Ståle Steen Sæthre, som vart klar under eitt døgn etter han tok kontakt med klubben, seier han og legg til:

- Eg har vore trenar i mange klubbar opp gjennom åra, men eg har aldri opplevd ein så profesjonell og strukturert klubb som Lysekloster.

- Hitland den beste "signeringa"

Lysekloster har gjort mange gode signeringar dei siste åra, men Nielsen meiner at det er oppmann Arne Hitland, med om lag 40 års erfaring frå Os Turn, som er den beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

- At Os mista Hitland, er kanskje den største tabben som er gjort i klubben, og samstundes den beste "signeringa" Lysekloster har gjort noko sinne. Det høyrest kanskje rart ut, men han er ein erfaren og dyktig kar, som jobbar 20-25 timar dugnad i veka, og ser til at alt er på stell og tilrettelagt for spelarane. Det er ein medverkande faktor til at spelarane trivst godt, og andre ønskjer å koma til klubben, seier Nielsen og legg til:

- Og så må eg skryta av Svein Kollen. Han er ein enorm ressurs for Lysekloster. Han jobbar døgnet rundt. Alle klubbar hadde nytt godt av ei eldsjel som Kollen.