Nore Neset jenter 13 feirar sin fjerde cup-siger etter at dei vart samanslåtte frå fleire lag i fjor haust. (Privat foto)
Nore Neset jenter 13 feirar sin fjerde cup-siger etter at dei vart samanslåtte frå fleire lag i fjor haust. (Privat foto)

Samhaldet til Nore Neset Jenter 13 er gull verdt

Onsdag stakk fotballjentene frå Nore Neset av med førsteplass i Sør Cup. Samhaldet i gruppa er noko av grunnen til suksessen.

Frilanser: Mari Harju Skeie

Artikkelen held fram under annonsen.

For jentene har gjort meir den siste veka i Kristiansand enn å berre spela fotball.

Det sosiale samhaldet er sterkt, og jentene har kost seg mykje mellom slaga i Vennesla og i Kristiansand.

Stoor oppleving

Frå sist laurdag til onsdag denne veka spelte jenter 13-laget frå Nore Neset ei rekkje kampar utan å gå på tap. Finalen fann stad i Sparebank Sør Arena, der dei spela mot Staal Jørpeland frå Rogaland. Gullsuksessen var eit faktum då Andrine Brunvatne Kvittingen banka inn golden goal-målet i første ekstraomgang.

Ein del av Nore Neset-gjengen spanderer på seg eit ekstra jubelbrøl utanfor Sør Arena. (Privat foto)
Ein del av Nore Neset-gjengen spanderer på seg eit ekstra jubelbrøl utanfor Sør Arena. (Privat foto)

Sigeren og opplevinga av å spela på ein Tippeliga-arena var stor for heile laget.

- Det var ei stor oppleving å få spele på Sør Arena, fortel Maria Lekven og Miriam Heltne.

- Vi var overraska over at vi fekk ein skikkeleg finale med musikk, speaker og innmarsj. Det var stort, held jentene fram.

Grillfest og støtte

Dei fortel at dei var utruleg spente på førehand, og at å få så mykje tid i lag med kvarandre, har vore godt for laget.

Utanom fotballen har jentene opplevd mykje anna, som tur i Dyreparken i Kristiansand og grillfest i ein av foreldra si hytte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreldra til spelarane var ein stor støtte gjennom heile cupen. Bortimot 30 foreldre og søsken heia jentene fram.

I finalen hadde dei mest engasjerte foreldre malt andleta i Nore Neset sine farger - blå og kvit. Spelarane sa dei kunne høyre ropa deira over heile banen inne på den gedigne Sør Arena.

Vann første divisjon

- Hovudmålet vårt for cupen har vore å pleia samhaldet og gjere gjengen endå meir samansveisa, seier trener Kenneth Moland. Sidan i fjor haust har fotball-laga til Søre Neset og Nore Neset blitt slått saman til eitt lag, og Kristiansand-turen har difor vore ein flott sjanse til å få jentene til å bli endå betre kjend med kvarandre.

- Vi hadde jo sjølvsagt håpt på at vi skulle vinne cupen, men det sosiale skulle komme først, seier Moland.

Jentene har òg spela strålande i serien. Sidan dei er så mange, har Nore Neset Jenter 13 to lag i to ulike divisjonar. No i vår vann dei første divisjon, medan laget i andre divisjon berre tapte tre kamper.

Blir rørt av samhaldet

- Vi har vore veldig strenge på at alle på laget skulle få spele i cupen," forklarer trener Morten Døsen.

- Fokuset vårt i cupen er samhaldet, og då er fokuset det same i spelet. Det er ikkje ein eller fleire enkeltspelarar som vinner, men ei gruppe, uansett kva divisjon. Det er vi krystallklare på, seier Døsen.

Likevel påpeiker han at det er viktig å tilpasse jentene eit høgt nivå, slik at dei har det kjekt når dei speler.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg blir rørt av det gode samhaldet deira. Dei er blitt ei god venninnegjeng, konstaterer Døsen.

Foreldra har fått inntrykk av det same.

- Trenarane gjorde ein god jobb med å motivera og engasjera alle spelarane før, under og etter kamp", seier Helene Lekven, ein av foreldra som sov i lag med jentene på skulen.

- Elles synest eg dette er ei gjeng full av flotte, kjekke, omsorgsfulle, inkluderande og samansveisa jenter, som det var ein fryd å passa på og vera i lag med, avsluttar Lekven.