Etter å ha vore 11 timar på reise, vart det diverre tap mot Vikersund laurdag.
Etter å ha vore 11 timar på reise, vart det diverre tap mot Vikersund laurdag.

Sikra to poeng, trass trøbbel i leiren

I helga var handballdamene til Os på Austlandet for å spela mot Vikersund og Skrim. Ei håplaus reiserute, samt sjukdom i rekkjene, gjorde helgas kampar meir utfordrande enn vanleg.

Seinkingar, tekniske problem og ein bomtur til Stavanger gjorde at kampen mot Vikersund i Modumhallen laurdag, vart utsett med 2 og 1/2 time.

- Vi reiste frå Os kvart på sju om morgonen og var framme i hallen halv seks om kvelden. Vi mellomlanda i Stavanger, men på grunn av tekniske problem måtte vi attende til Bergen før vi kunne reisa vidare til Sandefjord. Det vart ein utruleg trøblete inngang til heile kampen, og vi bar nok preg av det når vi først kom fram, seier Gitte Torp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som om ikkje reisa var nok, fleire av dei mest etablerte spelarane vart dårlege undervegs i kampen, og måtta forlata banen.

- Ungjentene måtte ta i eit tak, og klarte det nesten. Normalt er dette ein kamp vi skal vinna, men når tre av spelarane må gå av banen på grunn av kvalme og oppkast, så vart det litt vel mykje ansvar på dei unge på ein gong, seier Torp og legg til:

- Det er mykje positivt å setja fingeren på også. Mia Torp Nielsen til dømes gjorde ifølgje trenar Trond Førde Eriksen sin beste 2. divisjonskamp noko sinne. Diverre gjekk det ikkje heilt vegen. Vi låg under med fem mål til pause, og tapte med to, 25-23.

Her er handballdamene til Os på plass i Modumhallen, for anledninga i flett nye drakter.
Her er handballdamene til Os på plass i Modumhallen, for anledninga i flett nye drakter.
Damelaget til Os slo tilbake søndag, og kjempa seg til tomålssiger mot Skrim.
Damelaget til Os slo tilbake søndag, og kjempa seg til tomålssiger mot Skrim.

Kjempa seg til siger

Til søndagens kamp, vart oppladinga heldigvis mykje betre. Handballdamene låg under med eitt mål til pause, men klarte til slutt å kjempa seg til ein tomålssiger, 21-23, mot Skrim.

Då dei to laga møttest i Oshallen i haust, vann Os med 23 mål. På den tida hadde Skrim åtte spelarar, og vurderte å trekkja laget. No hadde laget frå Kongsberg fått seks nye spelarar, og var heiltente, ifølgje Torp.

- Kampen gjekk mykje fram og tilbake. Det var framleis ein del av spelarane våre som ikkje var heilt friske, men ungjentene gjorde ein god jobb. Liv Pauline Lunde til dømes gjer ein formidabel innsats, seier Torp.

Det hadde ifølgje Torp vore utruleg keisamt å dra heim til Os utan poeng. Kampen vart difor ein skikkelig "fighterkamp" med kniving heilt til siste stund.

- Det viktigaste var dei to poenga. Vi ville rett og slett vinna meir enn Skrim, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med sigeren mot Skrim søndag, ligg damelaget til Os på fjerdeplass på tabellen. Dei fire neste kampane er heimekampar. Først mot Stord 29. januar, deretter ventar Gneist på mostandarhalvdelen av banen 1. februar.

- Stord hadde ein veldig bra start på sesongen, men har slitt meir etter kvart. Det er godt lag, men vi har absolutt moglegheit til å slå dei, slik vi har med alle dei andre laga i pulja, seier Torp, som trur det vert godt med nesten 14 dagars pause før neste kamp.

- Det er bra at spelarane får litt tid til å verta friske att. No ligg vi på fjerdeplass på tabellen, og det er der vi har lyst til å vera, blant dei fire beste laga, seier ho.