Begge Simen Næss sine mål kom etter direkte frispark. Det eine var heilt spesielt.
Begge Simen Næss sine mål kom etter direkte frispark. Det eine var heilt spesielt.

Simen Næss med frispark-kunst då Lysekloster kom tilbake på vinnarsporet

Det unge Sogndal 2-laget klarte å stå i mot i nesten ein time mot jagande munkar, så viste Simen Næss fram frisparkfoten sin.

Heimelaget Lysekloster har vore inne i ein dårleg periode, og det skal svært mykje til for at laget frå Lysefjorden skal klara å rykkja opp i år. Etter å ha spelt uavgjort heime mot serieleiar Vard Haugesund, gjekk dei på tre strake tap. Det gjer at det etter kampen i kveld er ni poeng opp til Vard Haugesund, med fire kampar att å spela. Mellom dei to laga litt dessutan Djerv, fem poeng framfor Lysekloster.

Unge motstandarar

Bortelaget stilte i dag med eit veldig ungt lag. Innbytar for bortelaget, Henrik Kongelf fortel at det grunna skader og Sogndal sin A-kamp i kveld, stort sett var 17-åringar på banen for Sogndal 2. Dei stilte også med ein 15-åring frå start. Erlend Hanssen Grov, som er i midten av 20-åra, var einaste spelar som var over 20 år. Lysekloster fekk problem med å spela seg til store målsjansar i førsteomgang. Bortelaget låg og forsvarte seg, og var aldri i nærleiken av å trua Lysekloster på noko vis. Lysekloster sleppte også til ein unggut i dag, då 16 år gamle Kristian Skjelvik Eidnes fekk nokre minutt mot slutten av kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir action etter kvilen

Etter kvilen skulle det bli meir innhaldsrikt. Lysekloster fekk meir fart på spelet sitt, og kombinasjonane sat betre, men det var ikkje før dei fekk frispark etter 56 minutt at det blei mål. Simen Næss fyrte i veg eit godt skot, men keeper redda. Berre synd for bortelaget at han slo ballen tilbake der han hoppa frå, og ballen rulla så vidt over streken. Berre sju minutt seinare, fekk heimelaget frispark omtrent på same stad som det førre. Simen Næss stilte seg opp igjen, og sende i veg eit kanonskot som gjekk i lengste hjørnet. Keeper hadde ikkje sjanse til å redda.

Mønsterangrep

Heimelaget kontrollerte kampen frå start til slutt, og kunne fort ha skåra fleire mål. Heimepublikumet skulle få eit par skåringar til. Det første målet frå ope spel, kom etter 84 minutt, då Even Vetås kom gjennom. Han kom på ballen rett før keeper, lobba han over sisteskansen, og i motsett hjørne. Innbytar Eirik Jacobsen teikna seg også på skåringslista etter eit mønsterangrep. Etter å ha spelt vegg med Stefan Aase, sende han ballen utakbart nede i motsett hjørne.

Neste heimekamp for Lysekloster, er 13. oktober mot Brann 2. Før det skal dei møta Valdres borte kommande laurdag.

Keeper redda det første forsøket, men.
Keeper redda det første forsøket, men.
Ballen rulla motsett veg, og inn i målet.
Ballen rulla motsett veg, og inn i målet.
Sogndal 2 stilte med eit ungt lag. Her er Johan Johanessen Bakke, berre 15 år gamal.
Sogndal 2 stilte med eit ungt lag. Her er Johan Johanessen Bakke, berre 15 år gamal.
Maciej Ranoiwski måtte ikkje gjera ei einaste redning.
Maciej Ranoiwski måtte ikkje gjera ei einaste redning.
Joachim Westrheim fekk ein smell i hovudet i førsteomgang, men spelte vidare. Han blei seinare byta ut, og snakka om å ta seg ein tur på legevakta på veg av banen.
Joachim Westrheim fekk ein smell i hovudet i førsteomgang, men spelte vidare. Han blei seinare byta ut, og snakka om å ta seg ein tur på legevakta på veg av banen.
Håkon Brautaset var nære på eit par gonger.
Håkon Brautaset var nære på eit par gonger.
16 år gamle Kristian Skjelvik Eidnes debuterte for Lysekloster i dag, då han fekk nokre minutt på slutten av kampen.
16 år gamle Kristian Skjelvik Eidnes debuterte for Lysekloster i dag, då han fekk nokre minutt på slutten av kampen.