Siste spark er teke. Os Kickboxingklubb er no historie.
Siste spark er teke. Os Kickboxingklubb er no historie.

Siste spark er teke

20 år etter at klubben såg dagens lys er Os Kickboxingklubb historie.

- Det er sjølvsagt vemodig at me må gje oss, men me har dessverre ikkje kapasitet til å driva klubben vidare, seier formann i den no nedlagte klubben, Thomas Jensen.

Han har vore medlem sidan 1998. Frå og med 2001 har han vore blant dei som har drive klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har gått opp og ned i mange år. Hovudproblemet har ikkje vore rekrutteringa, men det å få ungdomen til å halda fram, og gjerne engasjera seg på instruktørnivå, seier Jensen.

I lag med broder Christer Jensen og Vidar Kåstad har han hatt hovudinstruktør-jobben. Dei tre skulle gjerne hatt fleire å dela ansvaret med.

- Det vart etter kvart mykje på oss tre. I tillegg hadde me det økonomiske aspektet, som me heile tida måtte tenkja på. Det kostar å driva klubb og leiga lokale, minnar Jensen om.

Thomas Jensen og Vidar Kåstad opplevde at det gjekk mykje tid på å driva klubben.
Thomas Jensen og Vidar Kåstad opplevde at det gjekk mykje tid på å driva klubben.

Tid til eigne

Hovudinstruktøren beklagar overfor dei yngre utøvarane som no hadde fått smaken på sporten.

- Det er mange unge som har starta opp det siste året som sikkert kjem til å sakna tilbodet. Til dei vil eg berre beklaga. Om dei vil halda fram med kampsport, får dei heller reisa til byen, eller starta opp med karate eller liknande her i Os, seier Jensen.

Sjølv vil han nytta meir tid til eigne små og tur og trim i skog og mark.

- Me får prøva å halda oss i form på andre måtar. For oss som bur i Lysefjorden får eg ta det som ein bonus at det vert meir tid til turar til Lyshornet, humrar Jensen.