Sterk prestasjon: Erik Vaktskjold er nummer to frå venstre. Han rodde dobbelfirar saman med Ulrik Pharo Lohne, Andreas Dugstad Sørskaar og Oskar Martinius Gjerland.

Sleit med prolaps i vår. Presterte maks i U23-EM

Erik Vaktskjold (21) frå Søfteland avslutta ro-sesongen med ein knallsterk 7. plass i dobbelfirar.

— Eg er supernøgd. Ein sjuande plass er det absolutt beste vi kunne venta på førehand.

I heile vår har Erik slite med ein prolaps i ryggen. I fylgje han sjølv var han eigentleg ikkje i form før mot slutten av sommaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Så dette er verkeleg ei oppreisning for meg.

DobbelfirarEN bestod i tillegg av Ulrik Pharo Lohne, Andreas Dugstad Sørskaar og Oskar Martinius Gjerland.

— Laget vårt vart sett saman for berre 10-12 dagar sidan. Vi har hatt minimalt med trening, så dette er absolutt eit sterkt resultat, seier han.

Har aldri sett hai

U23-EM har gått av stabelen i Hazewinkel i Belgia, og sjuande plassen fekk dei etter å ha vunne B-finalen.

I kvalifiseringa låg dei lenge an til å nå A-finalen, men på slutten fekk dei det som på rospråket heiter ein «kjempefisk».

— Betyr det at de rodde på ein hai, eller?

— Nei, haha, vi rodde i ferskvatn og hittil har eg aldri møtt på nokon hai.

— Ein kjempefisk betyr at vi fekk eit skikkeleg glepptak på slutten, slik at båten omtrent stoppa heilt opp. Det var skikkeleg ergerleg, forklarer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dobbelfirar: Det ferske laget har berre 10-12 dagar med trening bak seg.

Alltid dårleg samvit

Etter søndagens U23-EM ventar ein god ferie og litt treningsfri for 21-åringen. Men det er ikkje sikkert han har samvit til å unna seg hundre prosent ferie.

— Nei, eg studerer statsvitenskap på Universitetet i Oslo og har litt å ta att, så eg må kanskje prioritera studiane.

Kombinasjonen roing på toppnivå og heiltids studiar betyr forresten konstant dårleg samvit.

— Begge er tidkrevjande og begge er dårleg betalt.

Likevel er han ikkje i tvil om at han skal satsa maks på roinga fram mot OL i Paris i 2024. Og neste sommar ventar U23-VM og EM.