Nikolai Moberg braut begge armane i juni, og fekk ikkje ta del i fotballskulen. Då varma det nok ekstra mykje med ei personleg god betring-helsing frå tre Brann-spelarar.
Nikolai Moberg braut begge armane i juni, og fekk ikkje ta del i fotballskulen. Då varma det nok ekstra mykje med ei personleg god betring-helsing frå tre Brann-spelarar.

Slengdisse-uhell førte til personleg helsing frå Brann-spelarar

Nikolai Moberg (11) hadde sett fram til fotballskulen, men eit fall på tre-fire meter frå ei slengdisse, førte til at han måtte følgja fotballskulen frå sidelinja.

– Det skjedde i juni. Sidan har eg gått med armane i gips. Eg får ikkje lov til å spela fotball no. Gipsen skal av i juli, men eg må nok venta ei stund før eg kan spela fotball, seier Nikolai.

– Får du lov til å hjelpa til på fotballskulen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer eg sikkert, men eg veit ikkje om eg får det til, seier han og smiler.

Helsing frå tre Brann-spelarar

Ulukka førte noko godt med seg. Nikolai har nemleg fått tilsendt ei personleg god betring-helsing frå Brann-spelarane Sivert Heltne Nilsen, Henrik Kjelsrud Johansen og Gilli Rólantsson.

– Det var kompisen (Tarjei Vangdal jorurn.mrk.) til pappa (Ole-Vidar Moberg journ.mrk.) som ordna det. Det var veldig kult, seier Nikolai.

Då borna oppdaga at Brann-spelarane var på plass, steig stemninga eit par hakk.
Då borna oppdaga at Brann-spelarane var på plass, steig stemninga eit par hakk.
Nokon som gler seg ekstra mykje til å møta heltane.
Nokon som gler seg ekstra mykje til å møta heltane.
Signatur på fotballskoa.
Signatur på fotballskoa.
Køen danna seg medan Brann-spelarane var på veg.
Køen danna seg medan Brann-spelarane var på veg.
Borna fekk instruksar frå Brann-spelarane.
Borna fekk instruksar frå Brann-spelarane.
Leiar og instruktør, Frank Haugland, viser borna korleis det dei skal utføra øvinga.
Leiar og instruktør, Frank Haugland, viser borna korleis det dei skal utføra øvinga.
Mange fekk prøva seg som keeperar på fotballskulen som i år hadde ein eigen stasjon for keepertrening.
Mange fekk prøva seg som keeperar på fotballskulen som i år hadde ein eigen stasjon for keepertrening.
Det var mange ulike øvingar på fotballskulen. Her trenar dei på balanse.
Det var mange ulike øvingar på fotballskulen. Her trenar dei på balanse.
Tuva Søreide Solberg var ein av mange jenter som var instruktør på fotballskulen. Leiar Frank Haugland synest det er kjekt at dei har fått ein god balanse mellom gutar og jenter som instruktørar og at så mange jenter tek del i fotballskulen.

Hoppeslott er blitt ein del av fotballskulen på Søre Neset.
Hoppeslott er blitt ein del av fotballskulen på Søre Neset.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.
Tine Fotballskule, Søre Neset 2018.

Nikolai måtte sitja på sidelinja, men det var mange andre born i sving på Tine Fotballskule på Søre Neset.

– Det er 81 born påmeldt, eit tal vi er godt nøgde med. Det er 1.–6. klasse. Sjuandeklassingane er ikkje med, for dei var på Sogndal Cup i helga og spelte sluttspel, fortel Frank Haugland.

Vidare fortalde Haugland at borna har ulike tema og stasjonar dei skal gjennom i løpet av fotballskulen.

– Vi har noko som vi kallar å vera sjef over ball. Det er eit tema som rett og slett går på det å vera sjef over ballen – å ha kontroll på kula. Dei øver på avslutningar, press, pasningar, gjenvinning og skot. Torsdag er det turneringsspel med premiar.

Eigen stasjon for keeperar

Nytt i år er eit hoppeslott, som er ein eigen stasjon. Ein eigen stasjon for keeperane, er også nytt – og populært. Då Os & Fusaposten vitja fotballskulen onsdag, var det elleve born på den nemnde stasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har hatt ein keepertrenar her, men i dag er det eg og Nathalie Reiertsen som er instruktørar, seier Erik Håland og legg til:

– I dag er det både keeperar og dei som berre ønskjer å prøva seg i mål, som er med. Dei vel sjølve. Vi trenar på grep, utkast, reaksjon, og meir.

Brannvesenet har vitja fotballskulen. Politiet er også invitert, og har gjeve signal om at dei ønskjer å koma torsdag.

– Kvifor er det blitt slik at brannvesenet og politiet er blitt eit fast innslag på fotballskulen?

– Vi ønskjer å gjera dei unge merksame på politiet og brannvesenet, og kopla dei slik at dei får nokon å forholda seg til og ikkje berre eit nummer å ringja ved naudstilfelle. Dei kjem og fortel om kva dei gjer, og viser fram litt av utstyret sitt. Alle synest det er kjekt, og både politiet og brannvesenet er alltid positive når vi spør, seier Haugland.

– Brann sitt svar på Marcelo

Haugland er også nøgd med at godt over ein tredjedel av fotballskuledeltakarane er jenter.

– Vi ønskjer å få med så mange jenter som mogeleg. Halvparten av instruktørane er jenter, og det er kjekt å sjå at så mange av deltakarane er jenter, seier Haugland.

Politiet og brannvesenet er sikkert kjekt for borna, men det store høgdepunktet for veka kom onsdag. Brann-spelarane Vito Wormgoor og Ruben Kristiansen kom for å helsa på. Over høgtalaranlegget fekk dei ein skikkeleg introduksjon av Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ruben Kristiansen er Brann sitt svar på Marcelo – berre at han er betre. Det er ingen som kjem seg forbi han. Vito Wormgoor er stopparen som alle angriparar fryktar og alle forsvarar ser opp til, seier Haugland, medan dei to Brann-spelarane signerte det som kom på bordet av sko, drakter og det som er.