Om ikkje laga går saman om ein treningskamp, blir Erik Aasen, resten av dei lokale 5. divisjonsspelarane, og publikum, snytt for lokaloppgjer i 2016.
Om ikkje laga går saman om ein treningskamp, blir Erik Aasen, resten av dei lokale 5. divisjonsspelarane, og publikum, snytt for lokaloppgjer i 2016.

Snytt for lokaloppgjer - eller?

Hordaland Fotballkrets har bestemt at Søfteland, Nore Neset og Eikelandsfjorden skal spela i ulike avdelingar neste år også. Men om Nore Nesets trenar får viljen si, vert det lokaloppgjer uansett.

- Eg håpar me kan få til eit lokaloppgjer på ein annan måte. Me får laga til ein treningskamp i løpet av sesongen. Me og Søfteland er to jamne lag, meiner eg. Men me må jo spela kamp og sjå kven som er best, seier Arne Sælensminde.

Blanda kjensler

Nore Neset-trenaren skildrar lokaloppgjera som "grisegøy".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men dei tek mykje krefter. Så eg har blanda kjensler om at me ikkje får møta Søfteland eller Eikelandsfjorden i serien. På ein måte dumt, men også litt godt, seier Sælensminde.

Elles registrerer han at det blir mykje reising neste sesong.

- Me er i avdeling med to bergenslag og resten er frå Stord, Sotra og Askøy. Det medfører ikkje at reiseutgiftene aukar dramatisk, men det er kanskje ikkje alle spelarar som har lyst til å bruka fleire timar på å reisa til og frå kamp på det nivået her, seier Sælensminde og held fram:

- Men eg trur ikkje det vert eit stort problem for oss. Dei fleste blir nok med vidare.

Fornuftig avdeling

Eikelandsfjorden-kaptein Arnt Ove Lundervik slit med å forstå korleis kretsen tenkjer når dei set opp avdelingane.

- Det er dumt at dei ikkje klarar å samla dei lokale laga. Eg har også diskutert dette med Roar Wold i Søfteland, og han er heilt einig. Ikkje får me møta Nore Neset eller Søfteland. Me får heller ikkje møta Norheimsund eller Rosendal, som også er rivaliserande klubbar, seier Lundervik.

Laget set likevel pris på at det vert lite reising i komande sesong.

- Elles trur eg me er hamna i ei fornuftig avdeling kor me kan bita godt frå oss. Eg trur heile laget vel å vera med vidare. Får me eit par nye andlet inn i troppen, så er me godt rusta for 5. divisjon, seier kapteinen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spelarane er skuffa

Søfteland-trenar Raymond Pedersen er i Spania på trenarkurs, og har ikkje fått sett skikkeleg på serieoppsettet for 2016.

- Det ser greit ut reisemessig. Eit par lange turar får me, og nokre lag som eg kjenner lite til sportsleg, seier Pedersen.

Han har også registret at det ikkje vert lokaloppgjer i år.

- Eg veit ikkje kvifor dei gjer det slik. Dei har vel sine grunnar. For meg personleg, som ikkje er lokal, har det ikkje så mykje å seia. Men det er klart at dei lokale spelarane er skuffa, seier Pedersen.

Han er ikkje avvisande til ein treningskamp mot Nore Neset, men han trur ikkje det er mykje sportsleg å henta ut frå eit slikt oppgjer. Det er ikkje vits å øva inn noko i eit slikt oppgjer, det går nesten utelukkande på innsats.

Kretsen svarer

Seriekampkonsulent i Hordaland Fotballkrets, Torstein Pedersen, fortel at det er ulike faktorar som speler inn når dei set opp avdelingane.

- Me gjer ulike vurderingar. Me ser på lokaloppgjer, kven som har reist mykje dei siste åra, kven som rykte opp og kven som rykte ned. Me prøver å laga nokolunde jamne avdelingar, og variera litt kven som møter kven, slik at eit lag får ulike motstandarar frå år til år, seier han og held fram:

- Me ser at dei tre laga (Eikelandsfjorden, Søfteland og Nore Neset, journ.mrk) kom dårlig ut i år når det gjelder lokaloppgjer. Me får håpa at de får fleire lokaloppgjer til neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her kan du sjådei ulike avdelingane.