Vegard Leikvoll Moberg kan vera på veg til Sogndal.(Arkivbilete)
Vegard Leikvoll Moberg kan vera på veg til Sogndal.(Arkivbilete)

Sogndal interessert i Leikvoll Moberg

Vegard Leikvoll Moberg er for augneblinken kaptein for Åsane sitt fotballag i 1.divisjon. No kan osingen vera på veg til Sogndal.

 

Sogndal har kontakta Åsane og forhørt seg om å henta midtbanespelaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har blitt kontakta av Sogndal, noko meir enn det kan eg ikkje seie på noverande tidspunkt, fortel Leikvoll Moberg.

Heller ikkje agenten Daniel Steinfeld ønskja å kommentera saken ytterligare.

- Ein bauta

Leikvoll Moberg blei henta til Åsane for fire år sidan, og har på den tida jobba seg til ein fast plass på midtbanen. Før årets sesongstart blei han vald til ny kaptein for oransjetrøyene.

- Vegard kom til oss som spiss, før vi omskolerte han til stopper. Då såg vi potensialet som midtbanespelar. Akkurat no er han ein bauta. Både som person og fotballspelar. Med løpskraft og duellstyrke på midten, er han veldig viktig for laget, fortel sportsleg leiar i Åsane Fotball, Trond Bjørndal.

Bjørndal bekreftar at dei har hatt kontakt med Sogndal, men vil ikkje kommentera prosessen.

Os og Fusaposten har ikkje lukkast med å koma i kontakt med sportsjef i Sogndal, Håvard Flo.