Søstrene (f.v.) Helene og Ida Lund Bakke markerte seg sterkt i NM i karate i Bærun i helga. Helene tok NM-sølv. Storesøster Ida vann gull og bronse.
Søstrene (f.v.) Helene og Ida Lund Bakke markerte seg sterkt i NM i karate i Bærun i helga. Helene tok NM-sølv. Storesøster Ida vann gull og bronse.

Søskenpar vann gull og sølv i NM

Ida Lund Bakke vart noregsmeister i karate. Veslesøster Helena Lund Bakke vann sølv.

Det vart god uttelling for dei ni frå Os Karateklubb som deltok i allstyle-NM i Bærum i helga.

I tillegg til Ida Lunde Bakke og søstera Helena som altså tok gull og sølv, vann Sondre Kvamsdal, Aurora Fagerthun og Svein Erik Henne bronsemedaljar i sine klassar. Ida vann også ein bronsemedalje i seniorklassen. Gullet tok ho i U21-klassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode opplevingar

– Os Karateklubb hadde gode opplevingar i NM og samtlege lukkast godt med sine prestasjonar. Det blei litt stang ut, som då Sondre Kvamsdal gjekk uavgjort i semifinalen og tapte 2-3 på dommeravgjerd, men stort sett hadde osingane medgang, seier trenr Cato Bruarøy.

Katajentene Carmen Bruarøy, Tuva Baggen og Melina Solvang viste flotte kata som ville gjeve høg skår i internasjonale Wado-meisterskap. Carmen låg på andreplass i si pulje før semifinalen etter ein god NiSeisi, men kom dessverre ikkje vidare til finalerunden.

Mariell Askvik Midtbø, Hedvig Østevold, Melina Solvang og Carmen Langbakk Bruarøy hadde gode kampar mot dyktige motstandarar, men fekk dessverre ikkje høve til rekval denne gongen.

Os Karateklubb stilte med ni utøvarar i NM. Her er nokon av dei i lag med eit par utøvarar frå Voss.
Os Karateklubb stilte med ni utøvarar i NM. Her er nokon av dei i lag med eit par utøvarar frå Voss.
Ida Lund Bakke på toppen av pallen i U21-klassen.
Ida Lund Bakke på toppen av pallen i U21-klassen.

Aurora starta godt med siger 8-0 i første kamp, men blei for lite taktisk i semifinalen og måtte seia seg nøgd med bronsemedalje som i fjor.

– Sondre viste igjen at han er heilt i noregstoppen, men tapte innleiande runde utan å «sleppa inn» eitt poeng. Han sikra medlaje med ein god bronsefinale, fortel Bruarøy.

Svein Erik brukte NM som førebuing til Wikf-Cup i London i veteranklassen, og stilte opp mot 25-30 år yngre landslagsutøvarar.

– Tøft gjort av Svein Erik. Han fekk bronse i senior -84 kg.

Store helg

Familien Bakke hadde største overvekt med heim. Pappa Ole måtte ta med seg gullmedaljen og bronsen til Ida, samt sølvmedaljen til veslesøster Helena.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vidar Mjånes og Tor André Aspenes viste igjen svært god dømming, og våre to dommarstjerner kjem til å vera veldig sentrale blant norske karatedommarar i tida framover, skryter Cato.

Han nyttar høvet til å takka utøvarane, foreldre, treningskameratar og resten av støtteapparatet.

– Eg er glad og stolt over at våre utøvarar viser så godt humør, godt samhald, gode haldningar og omtanke for kvarandre. Dette var fin læring for våre unge utøvarar, og god trening før sesongens store mål i London i september. Uttak kjem denne veka, avsluttar Cato.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no