Trond Førde Eriksen kallar oppgjeret mot Sotra for ein bonuskamp. Han ventar ikkje poeng, men trur det er full mogleg. Fram mot kampen handlar det om å overtyda spelarane om det same. (Arkivfoto)
Trond Førde Eriksen kallar oppgjeret mot Sotra for ein bonuskamp. Han ventar ikkje poeng, men trur det er full mogleg. Fram mot kampen handlar det om å overtyda spelarane om det same. (Arkivfoto)

Sotrakampen er ein bonus-kamp

Trond Førde Eriksen trur Os-damene kan slå Sotra på søndag. Ikkje minst fordi det ikkje er ein kamp dei absolutt må vinna.

- Eg håpar eg kan få jentene til å sleppa seg laus og nyta det å prestera utan press. Denne vårsesongen har me spelt med litt høge skuldrer. På søndag håpar eg jentene klarer å spela utan å tenkja på tabellsituasjonen, seier Os-trenar Eriksen.

Setja forsvaret

Tabelltrear Sotra slo osingane 31-25 i haust. Men Os hang lenge bra med i kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ein slik kamp som me har hatt ein del av denne sesongen. Me hang bra med, men så byrja me å gjera feil, og bomma på sjansane, medan motstandarlaget skåra på sine sjansar, oppsummerer Eriksen.

Han ser difor ingen umoglegheit med at Os vinn heime på søndag.

- Eg såg Sotra mot Førde no sist helg. Då imponerte dei ikkje. Målet vårt må vera å setja forsvaret skikkeleg, for det veit me at me kan. Gjer me det, får me også overgangar og forhåpentlegvis sett me ein del av sjansane me då skaper, seier han.

To av fire

Sotra-kampen er den første av Os-damenes fire siste seriekampar denne sesongen. Dersom dei skal klatra til sjuandeplass og sikker 2. divisjonsplass på tabellen, bør laget minst ha to sigrar til.

- Eg trur to sigrar er nok, vel og merka dersom den eine kjem mot Fana 2 neste helg. Fana 2 ligg nærast likt med oss, så det er ein nøkkelkamp me må vinna, konstaterer trenaren.