Tim Henrik Sperrevik får æra av å putta første ball i bøtta på hol 1.
Tim Henrik Sperrevik får æra av å putta første ball i bøtta på hol 1.

Sparka i gang futgolfbanen på Hauge

«Os og Fusaposten» fekk æra av å vera med på første flight på Bjørnefjordengolfklubb sin nye futgolfbane laurdag.

For om lag ein månad sidan skreiv lokalavisa at BJGK jobba med å få ferdig futgolf-banen til Bjørnefjorden Tesla Golfturneringa denne helga. Golfklubben vart ferdige i siste liten.

- Det var jo ikkje heilt meininga at me skulle opna banen i dag, men no når første runde av Tesla-turneringa var unnagjort, og banen trass alt var klar, fann me ut at me måtte invitera nokre spelarar og køyra første flighten her i ettermiddagssola, smiler dagleg leiar i BJGK, Eivind Hodneland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klarte par

Med på den historiske førsterunden var mellom anna tidleagere Os-spelar Tim Henrik Sperrevik, banemeister Per-Ove Bahus Lysvold, arkitekt Bernt Helen, Eivind Hodneland sjølv og to representanter for pressekorpset i Os, Kjetil Bruarøy og underteikna.

- Det blir moro dette her. Eg har teke på meg fotballsko. Er det lovleg? undra Sperrevik.

- Nokre plassar er det lov andre ikkje. Berre bruk dei i dag, så får me sjå om det skadar graset, eller om me kan tillata det i framtida.

På første hol, som er om lag 75 meter langt, er tre spark par.

Til liks med rival Bruarøy og Sperrevik klarte eg akkurat å få ballen oppi på tre spark. Kjensla av å lukkast var verkeleg oppløftande.

Men medan resten av gjengen gjekk vidare på den ni hols lange futgolf-banen måtte eg returnera til kontoret for å førebu meir jobb utover laurdags kvelden.

Konklusjonen er i alle høve følgjande: Futgolf må bli ein vinnar for BJGK, osingane og folk som er glade i fotball og golf.

Tesla-hol

I morgen går finalerunden i Bjørnefjorden Tesla Golfturnering. 45 utøvarar er klare for å kjempa om tittelen i turneringa, samt prøva seg på hole-in-one på hol 18. Som lokalavisa skreiv for litt sidan er det altså ein flett ny Tesla i premie til den som eventuelt klarar å treffa holet på eitt slag på hol 18.

Artikkelen held fram under annonsen.

Petter Lund leiar turneringa før avslutningsrunden i morgon.