Sven Erik Henne er sjølv med i Opptur Motbakkeklubb. Laurdag prata han om skader og førebyggjing av dette i denne idretten.
Sven Erik Henne er sjølv med i Opptur Motbakkeklubb. Laurdag prata han om skader og førebyggjing av dette i denne idretten.

– Størst fare for skade på vegen ned att

Manuellterapeut Svein Erik Henne gav Opptur-medlemene fleire nyttige tips på seminaret på Kuventræ laurdag. Eitt av dei var å vera forsiktig nedover.

Opptur Motbakkeklubb har hatt ein stadig aukande medlemsmasse sidan oppstarten i 2012. Per dags dato har dei i overkant av 70 aktive medlemer. Kring halvparten av dei var på plass då klubben arrangerte møte om treningsoptimalisering på i klubbhuset til Os Turn friidrett på Kuventræ laurdag.

– Det er mange i klubben som har runda dei 40 og  vel så det. Då er særs viktig å trena rett. I dag har me fokus på optimalisering av trening, informasjon om kosthald og korleis ein best mogleg førebyggjar skader og slitasje, seier klubbveteran Klas Færøvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det er mange som møter "veggen" etter å ha sprunge i eit par år.

– Dei første åra har ein god framgang, men så stansar det opp. Veldig ofte grunna feiltrening, slitasje eller for lite kvile. I dag prøver me å gje medlemene våre nokre nyttige tips på vegen vidare, seier Færøvik.

Bruk av treningsdagbok og periodisering av trening var fokus når ein annan klubbveteran, Andreas Søfteland tok ordet.

Fleire blant dei frammøtte fekk seg ein god lattar då Svein Erik Henne demonstrerte hoftens naturlege begrensa svingradius, og at dette ofte førar til skadar og slitasje for folk som spring mykje.
Fleire blant dei frammøtte fekk seg ein god lattar då Svein Erik Henne demonstrerte hoftens naturlege begrensa svingradius, og at dette ofte førar til skadar og slitasje for folk som spring mykje.

 – Om ein skal kunne sjå kva som er bra, og kva som er mindre bra er det lurt å bruka treningsdagbok. Då kan ein også lettare planleggja nye treningsperiodar og få dei resultata ein ønskjer, seier Andreas Søfteland.

Kva puls-sonar ein til kvar tid bør trena i, vart også sett fokus på.

– Alt for mange blir ivrige og trenar for mykje i høge pulssonar. Det fører lett til slitasje. I den perioden me er i no, altså vintarmånadene, lønar det seg å trena med lågare puls, og heller køyra lengre økter, seier Søfteland.

Ulike føresetnadar

Medan Færøvik og  Andreas Søfteland, prata om ulik genetik, tilpassa treningsmengde og medvitenheit om kva mål ein kan, og bør setja seg, fekk manuellterapeut Svein Erik Henne ordet når det vart snakk om skadar og skadeførebyggjing.

– No er ikkje motbakkeløping den idretten der det er mest skadar, men ein del slitasje- og betennelse-skadar er det sjølvsagt. Det beste rådet for å unngå dette er å kjenna si eiga genetik. Berre sjå på gjengen i klubben her. Me er svært ulike, både kva kjønn, alder og form gjeld, så ein kan ikkje berre gjera slik treningskompisen eller treningsveninnen gjer. Tilpassa trening som Klas og Andreas snakka om, er svært viktig, sa Henne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han la elles vekt på at den anatomiske formen på hoften også kan by på problem.

– Hoften er ikkje perfekt skapt for full sving. Dette er ei utfordring for dei som spring mykje flatt. For oss her i klubben som spring mykje oppover, er ikkje problemet like stort.

Men eit stort vasku for motbakkeløparane hadde han.

– Det er ikkje oppover faren for å bli skada er størst. Det er nedover igjen. Når me spring på fjell, eller i bratte motbakkar er det enorm belastning for kne og menisk når me spring ned att. Her er det viktig å halda att, så ein ikkje får belastningsskadar. Eg tippar dei fleste har kjent det godt i knea etter økter med denne gjengen her, sa Henne og fekk fleire nikk og smil tilbake frå dei frammøtte.

– Best tips mot slike skadar er å ta det med ro ned igjen. Ta kortare steg og ikkje hopp frå høge avsatsar, sa Henne.

Søfteland suplerte med at god teknik også vil hjelpa på.

– Når ein spring nedover att bør ein vera lett og ledig i steget, landa på tåballane og dempa støtet med heile kroppen.