Suveren siger i regionsmeisterskapen
Med soleklar siger i regionsmeisterskapen er Strandvik sitt gutar 15-lag klart for NM i Tromsø.
Med det nykvalifiserte gutar 15-laget har Strandvik IL to lag klare for NM i Tromsø, helga 10.-12. mars. Gutar 17-laget ordna NM-billetten førre helg.
- Strandvik er ei lita bygd på knappe 500 innbyggjarar. I så måte er me veldig stolte over å få to lag med til NM, seier volleyballtrenar, Kåre Mol.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vann alle kampane
Medan gutar 17-laget tok seg vidare etter å ha blitt nummer to bak TIF Viking, gjekk Strandviks gutar 15 heilt til topps i sitt regionale meisterskap i Sveio.
Fusingane var rett og slett utilnærmelege.
- Dei vann alle kampane sine 2-0. Det må me kalla ei solid gjennomført turnering, seier Mol.
Laga dei slo var Sveio 1, Sveio 2, TIF Viking og Strand-Ulv.
Grunna litt få spelarar var gutar-15-laget fylt opp med to jenter.
- Me har litt få gutar i denne alderen, og fann ut at me kunne nytta nokre av våre mange flinke jente-spelarar. Dei to som var med gjorde ein flott innsats og bidrog like mykje som gutane til at det gjekk som det gjekk, skryter Mol.
Medaljesjanse
Gutar 15-laget var også i NM i fjor. Då enda dei som nummer fem. I år trur Mol dei kan nå endå høgare opp.
- Eg trur dei har medaljesjansar. Om dei spelar opp mot sitt beste, er det absolutt realistisk.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og gutar 17. Kva sjansar har dei?
- Dei får det truleg noko tøffare. Om dei plasserer seg blant dei åtte beste, vil det vera ein god prestasjon, meiner Mol.
To fjerdeplassar i NM
Fusa vidaregåande skule hadde to lag i aksjon i volleyball-NM for vidaregåande skular i Trondheim i helga. Både Mix-laget og jentelaget nådde langt utan at det gav medalje.
Mix-laget har dei to siste åra vunne gull og bronse. I Trondheim vart dei slått ut av Tertnes i semifinalen. I bronsefinalen tapte dei 0-2 for Haugesund.
Jentelaget tapte semifinalen for Kristiansund, som til slutt vann klassen. I bronsefinalen vart det tap med minst mogleg margin for Sandnes.