Førstelaget til Søre Neset-damene har vunne åtte av åtte mogleg kampar denne hausten.
Førstelaget til Søre Neset-damene har vunne åtte av åtte mogleg kampar denne hausten.

Suveren volleyballhaust for førstelaget

Tysdag spelte førstelaget til Søre Neset-damene siste seriekamp for hausten. Med 3-0 borte mot Fotlandsvåg tok dei sin åttande siger på rad.

Det har gått som på skjenar for førstelaget til volleyball-damene på Søre Neset denne hausten. Rett nok var laget bra forsterka før sesongen, men at dei skulle vera såpass suveren i 3. divisjon er kanskje i overkant av kva dei sjølv hadde venta.

- Me skal kjempa i toppen, men det er fleire lag som kan gje oss kamp om avdelingssigeren, sa trenar Morten Asphaug like etter seriestarten. No, knappe to månader etter, kan han og damene se svært så positivt på eit opprykk til 2. divisjon våren 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snudde kampen

Årets siste ordinære seriekamp gjekk av stabelen på Osterøy. Motstandar var Fotlandsvåg.

- Me starta litt bakpå og låg eit par poeng bak fram til midtveges i første sett. Deretter smeller me til og snur settet. Det same skjedde i andre settet, fortel trenar Morten Asphaug.

Etter å ha vunne dei to første setta 25-22 og 25-19 verka det som lufta gjekk ut av heimelaget.

Andrelaget er også komen i siget utøver hausten. I helga slo dei BSI3. (Privat foto)
Andrelaget er også komen i siget utøver hausten. I helga slo dei BSI3. (Privat foto)

- Dei var ferdig i tredje sett. Me sette oss difor eit mål om ikkje å sleppa inn meir enn 15 poeng. Det klarte me greitt. Settet enda med 25-12-siger, fortel trenaren.

Han trekk frem Vibeke Ingebrigtsen for hennar innsats.

- Ho gjorde nokre feil i starten, men då ho fann ut av forsvaret deira banka ho inn 20 poeng.

Nest mest poeng for Søre Neset var det Marianne Borgen sonm stod for. Ho noterte seg for 11.

Rankingserie

Førstelaget toppar no 3. divisjon, før ranking-serien komande søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alt i alt er det to ranking-serier som tel med i årets sesong. Den første går av stabelen til helga i Haukelandshallen. Den andre same plass i april, fortel oppmann Morten Erikssen.

Han er spent før søndagens runde.

- Førstlaget vårt mangler dessverre fire sentrale spelarar, så det blir spennande å sjå korleis det går. Me håpar sjølvsagt at resten av gjengen viser seg frå sin beste side og gjer sitt til at det ender med suksess også der, seier Erikssen.

I siget

Også Søre Neset 2 ser ut til å få ein fin avslutning på haustsesongen. I helga drog andrelaget heim sin tredje siger for sesongen etter å ha slått BSI3 3-2 borte.

- Det vart ein jamn kamp der me drog sigeren i land etter ekstremt god innsats og godt spel, fortel trenar Asphaug.

I det femte og avjerande settet følgde laga kvarandre til 14-14, før sørenesingane avgjorde til sin fordel. Settfira i kampen vart 20-25, 25-16, 25-16,19-25 og 14-16.

Hard debut

Søndag debuterte det nye herrelaget til Søre neset i 3. divisjon. Gjengen spelte fire kampar i Sandslihallen. Dessverre enda dei alle med tap (0-2 mot Møhlenpris, 1-2 mot BSI3, 0-2 mot Sotra og 1-2 for Kvernbit.

- Me samla laget for ein prat etter kampen og stemninga var framleis bra. Alle var samde om at det er tøffe kampar i starten av serien, at dei uansett var nøgde med innsatsen og at dei garantert vil koma sterkare tilbake, oppsummerer lagleiar Joris Vandermeijden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trenar Morten Erikssen meiner gutane har potensiale til å gjera det langt betre under neste seriehelg i midten av januar.

- Me har mange gode spelarar og dei vert betre og betre for kvar trening. Men det tek tid å byggja eit lag. Alt i alt meiner eg gutane gjorde ein grei debut i Sandslihallen, oppsummerer Erikssen.