Anders Mol (t.h.) og Christian Sørum ladar i desse dagar opp til sjette runde i Montréal, Canada.

Svoltne på revansje etter finaletap i Sveits

Mol og Sørum er klare for sjette runde i verdsserien. Denne gongen i Canada.

Sandvolleyball-duoen Christian Sørum (27) og Anders Mol (26) er inne i ein travel World Tour-sesong i klasse Elite 16.

Av totalt 10 turneringar, er fem spelt ferdige. Frå 26. til 30. juli er det duka for den sjette runden i Montréal, Canada.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skjer to veker etter at dei tapte finalen mot amerikanarane Miles Partain og Andrew Benesh i femte runde i Gstaad, Sveits. No satsar duoen på revansje.

– Vår ambisjon er alltid å vinna, og vi reiser til Montréal for å revansjera oss. Det vart eit knipe tap i tredje sett i Sveits, men no skal vi gjera det vi kan for å gå heilt til topps att, seier Mol i ei pressemelding.

Mol og Sørum vann World Tour-turneringane i Doha og Tsjekkia i februar og i juni. Målet er å innkassera siger nummer tre for året i Canada.

– Vi veit at vi står framfor tøffe kampar på eit høgt nivå. Samtidig er vi svært så sugne på revansje. Amerikanarane vert tøffe. Det er også andre som ynskjer å gi oss beinhard kamp. Vi lovar å gjera vårt beste, så får vi sjå kor det endar, seier Sørum.

Dette meiner trenaren

Trenar Jetmund Berntsen er godt nøgd med sesongen så langt.

– Gutane har levert solid gjennom heile sesongen. Det er tøft i toppen og ein må ha marginane for å ta sigeren heim. Dei har den rette innstillinga, og så får vi håpa at dei kan klara å ta heim nok ein finalesiger.

Torsdag klokka 16 norsk tid møter duoen franske Krou/Gauthier-Rat.

Same dag klokka 20.30 norsk tid står Grimalt/Grimalt fra Chile for tur.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvartfinalane går laurdag kveld klokken 21 og 22 norsk tid, semifinalar søndag klokka 15.30 og 16:30.

Bronsefinalen går av stabelen søndag norsk tid klokka 20.30, medan det er duka for finale klokka 23.

I 2023 er det verdsserien, EM i Wien i august og VM i Mexico i oktober som gjeld. Til neste år er det OL i Paris.