Tapte borte for Varegg
Os klarte ikkje følgja opp den strålande kampen mot Lysekloster sist helg. Borte mot varegg vart det tap 2-1.
Bortekampen i Bergen var lenge eit jamt oppgjer. Til pause stod det framleis 0-0. Men eit kvarter ut i andre omgang rakna det to gonger for osingane. Først i det 54. minuttet. Deretter tre minutt seinare.
Med to mål i flaisen på så kort tid vart det vanskeleg for dei gul-svarte, men ein skåring frå Christoffer Hafsås gjorde sitt til at det vart håp om poeng likevel. Dessverre klarte ikkje Os å få fleire mål i nota. Dermed står dei framleis med sine 25 poeng og ligg stadig på åttandeplass på tabellen.