Ole Martin Kolskogen er teken ut til talentleir i Porsgrunn i slutten av juni. (Arkivfoto)
Ole Martin Kolskogen er teken ut til talentleir i Porsgrunn i slutten av juni. (Arkivfoto)

Teken ut på landslagsskule

Ole Martin Kolskogen er teken ut til Norges Fotballforbund sin landslagsskule i Porsgrunn i juni.

15-åringen som til dagen spelar på Os sitt gutar 16-lag debuterte for A-laget i ein treningskamp i vinter. Sidan har han gjort det bra på regionale landslagssamlingar. No er han altså klar for Statoils talentleir i Porsgrunn.

Treningsleiren er del av talentutviklingsprogrammet «Morgendagens Helter», som Norges Fotballforbund og Statoil samarbeider om.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Denne talentleiren handlar om å løfta fram morgondagens fotballheltar, og gje dei ekstra motivasjon til å halda fram den god utviklinga, seier marknadsdirektør i Statoil, Karen Onsager Keiserud.

Kjente trenarar

Ole Martin Kolskogen er plukka ut i lag med eit fåtal andre aldersbestemte spelarar. Statoils talentleir vert også omtala som Norges Fotballforbund sin landslagsskule for aldersbestemte spelarar i alderen 15 til 16 år.

På leiren, som finn stad frå 27. juni til 1. juli, vil Ole Martin bli trena av ikkje ukjende Gunnar Halle og Erland Johnsen. Dei to er landslagstrenarar for høvesvis gutar 15- og gutar 16-landslaget.