Arne Veim Haugland hadde fleire vener og støttespelarar med seg til verdsmeisterskapet i i dødsing i Frognerbadet. For tredjeplassen mottok han ein sjekk på 2.000 kroner.
Arne Veim Haugland hadde fleire vener og støttespelarar med seg til verdsmeisterskapet i i dødsing i Frognerbadet. For tredjeplassen mottok han ein sjekk på 2.000 kroner.

Tilbake på pallen og i det gode selskap

Arne Veim Haugland er så absolutt blitt ein av kontinuitetsberarane i det norske dødsing-miljøet. I helga tok han VM-bronse.

I sitt sjette verdsmeisterskap i dødsing stupte Arne Veim Haugland seg til ei ny pallplassering. Årets bronsemedalje gledde ekstra, ettersom han i fjor berre var eit halvt poeng frå pallen.

– Det har vore eit par fjerde- og femteplassar. No var det godt å ta steget opp på pallen igjen. Eg er veldig nøgd, seier 28-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rå mollberger

Årets VM i dødsing gjekk direkte på TV2 laurdag. Sendinga viste til fulle kor populær denne stupekonkurransen no er blitt. Framfor eit stappfullt tribuneanlegg var Arne ein av 14 som fekk visa seg fram i finalen. I semifinalen viste Arne fram spesialen sin – ein eksepsjonell langdryg og luftig mollberger (baklengs salto).

I finalen «safa» han med ein 360.

– Eg seier «safa» fordi eg måtte ta noko eg kunne gjera utan for stor risiko. Eg sleit nemleg med synet etter å ha lukka augo litt for seint i eit tidlegare stup, fortel Arne.

Arne Veim har vore med i samtlege dødsing-VM i Forgnerbadet. Her frå eit svev i fjor.
Arne Veim har vore med i samtlege dødsing-VM i Forgnerbadet. Her frå eit svev i fjor.

Herleg Oslo-Weekend

Til Oslo hadde Arne med seg ei rekkje vener og støttespelarar. Heile turen vart dokumentert og vert seinare lagt ut på Facebook-sida hans.

– Me reiste bort i bubil, campa litt ulike stader og koste oss skikkeleg. Så var det jo ekstra kjekt å ha fleire fans på tribunen i Frognerbadet, fortel han.

– Du har hatt ein lang og god dødsing-sesong. Er du nøgd?

– Ja, eg starta med siger i Haugesund, så vart det sjetteplass i ekstremsportveka, femteplass i Fredrikstad og tredjeplass no VM. Det er godt å sjå at eg er med heilt oppe i alle konkurransane eg er med i, seier han.

– Men no er det over?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er ein konkurranse i Sverige til helga, men eg veit ikkje om eg orker å reisa bort. Eg kjenner eg er litt sliten.

– Du sliten?

– Hehe, ja, og så har eg ein jobb eg må prioritera litt. Me får sjå, avsluttar «Veimen».

kenneth.svenningsen@osogfusa.no