Karoline Hevrøy (bak til høgre) og Malin Ludvigsen (nummer tre frå venstre nede) har vore på talentsamling denne veka.
Karoline Hevrøy (bak til høgre) og Malin Ludvigsen (nummer tre frå venstre nede) har vore på talentsamling denne veka.

To jenter på talentsamling

Malin Ludvigsen og Karoline Hevrøy har denne veka vore på Statoil Talentleir i Østfold.

Talentsamlinga er for dei største talenta fødd i 2003 og 2004. Statoil Talentleir er siste hinder før eit eventuelt landslagsuttak.

– Det er veldig mange spanande spelarar her. Vi ser at det er fleire ulike typar no enn det var for fem år sidan både når det gjeld eigenskapar og posisjonar. Det lovar godt for framtida i norsk fotball, seier Håkon Grøttland som er fagansvarleg på landslagsskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talentleiren skal vera ein referansearena for spelarane. Dei skal få eit bilete av kor lista ligg nasjonalt, kva som krevst og korleis dei ligg an samanlikna med dei 60 største talenta i Noreg i sitt alderskull.

– I tillegg er det ein inspirasjon i seg sjølv å bli tatt ut til ei samling som dette. Det betyr at dei blir sett på som nokre av dei største talenta i landet, seier Grøttland og legg til:

– Modellen med Landslagsskolen har tre hovudintensjonar. For det første å vera ein referanse- og stimuliarena for våre aller beste spelarar. For det andre skal det vera ein arena kor ein kartlegg inn mot aldersbestemte landslag, og gjennom dei ulike nivåa skal vi finna spelarar som er best eigna til å spela landskampar. For det tredje er det også ein skuleringsarena inn mot landslag, slik at ein når ein spelar sine første landskampar, har nokre år med felles skulering i ryggsekken trass i at ein kjem frå ulike klubbar, seier Grøttland.