Svein Kollen fortel at alle utanom Joakim Hjelmeland er tilgjengelege til kampen mot Varegg søndag. (Arkiv
Svein Kollen fortel at alle utanom Joakim Hjelmeland er tilgjengelege til kampen mot Varegg søndag. (Arkiv

Tøff test for opprykks- jagande munkar

Med full pott på dei siste tre kampane er Lysekloster klare for 2. divisjon. - Den tøffaste testen kjem søndag, seier Svein Kollen.

På motsett banehalvdel søndag står formlaget Varegg. Dei har berre tapt ein kamp etter sommarferien.

- Dei har hatt gode resultat i haust, og har stigande formkurve. Me ser berre mot neste kamp, men me har sjølvsagt kontroll over kven me møter, seier Kollen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- På papiret er det Varegg som er den vansklegaste kampen, men på same tid vert alle dei siste tre kampane som tre cupfinalar for oss.

Skadefri tropp

Sotra, som ligg eit poeng bak Lysekloster, har på papiret eit tøffare program enn munkane frå Lysefjorden.

- Dei har vel Austevoll, Øystese og Varegg. Så dei har nokre vanskelege kampar, men me bryr oss berre om oss sjølve, seier Kollen.

Ein god nyhende for Lysekloster er at Sindre Flaa ser ut til å rekka kampen.

- Joakim Hjelmeland er ute med karantene. Signala me fekk på treninga torsdag tyder på at Flaa er tilbake, Han har vore ein sentral og viktig spelar for oss i år, så det er godt å ha han tilbake. Elles er det ingen skadar å melda om, seier Kollen og legg til:

- Me vonar å sjå så mange som mogleg på tribunen søndag. Laget treng støtte frå supporterane.