Dei to målskårarane i kveld, Marius Mikkelsen og Øystein Takle Eide.
Dei to målskårarane i kveld, Marius Mikkelsen og Øystein Takle Eide.

Tok ferie med ein trepoengar

Os var det beste laget på Kuventræ i kveld, og tok tre fortente poeng mot Lyngbø.

Med dei tre poenga i dag, kryp Os opp i ryggen på fjerdeplassen Bjarg. Dei er to poeng bak med like mange kampar spelt.

2-0 til pause

Ti minutt inn i kampen skåra Stian Lunde, men linjemannen hadde vinka for offside. Minuttet etter fekk Lyngbø ein av få moglegheiter i første omgang, men Andrew Todd i Os-buret redda forsøket. Då kampuret viste 19 minutt rulla Os fint opp på høgresida. Innlegget frå Endre Brenne var presist, og ballen hamna hos Øystein Takle Eide som bomma på ballen. Men Marius Mikkelsen kom stormande bakfrå, overtok ballen, og fekk kriga han i mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os dobla leiinga før pause. Stian Lunde hedda ballen i treverket. Takle Eide plukka opp andreballen og fekk ein enkel jobb med å setja inn 2-0.

Reduserte etter klabb og babb

Sander Kvittingen kom inn for Christoffer Hafsås i pausen, då han var skada. Nemnde Kvittingen var nære på å skåra 3-0 då Lyngbøs keeper klarerte ballen i han, men bortelaget sleppte med skrekken. Lynbgø heva seg nokre hakk i andreomgang og skapte trykk mot Os-målet. Det løna seg etter 58 minutt. Etter klabb og babb i Os-feltet, fekk dei så vidt ballen over streken, og reduseringa var eit faktum. Ingen av laga skapte noko særleg før det nærma seg slutten. Bortelaget måtte fram, og det opna rom for Os, som hadde fleire store sjansar til å punktera kampen mot slutten. Fleire mål blei det likevel ikkje på Kuventræ i kveld, og Os kan ta ferie med ein trepoengar.