Pernille Iden og Bjarte Solvang gjekk til topps i konkurranseklassen. (Alle
Pernille Iden og Bjarte Solvang gjekk til topps i konkurranseklassen. (Alle

Tok sin andre siger i Ottanosi opp

Bjarte Solvang var nok ein gong raskast i duathlonet Ottanosi opp. Denne gongen nådde han toppen på under ein time.Kenneth Svenningsen

Søndag gjekk niande utgåve av Ottanosi opp av stabelen i Fusa. 23 år gamle Bjarte Solvang har delteke i åtte av dei. Denne gongen vann han for andre året på rad.

- Eg gjorde ein bra konkurranse. Mest av alt er eg nøgd med at eg klarte det på under ein time. Det har vore eit mål i mange år, seier fusingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betre trena

I fjor nådde han den 976 meter høge toppen på akkurat ein time. No søndag noterte skiskyttaren seg for 59,35.

- Eg sykla seinare i år enn i fjor, men på springinga hadde eg litt meir motor. Eg er nok litt betre trena i år. Det skal koma godt med når skiskyttarsesongen tek til i november, seier Hålandsdal IL-utøvaren.

Vêret var ikkje heilt på arrangørens side. Med ein del regn og vind, var det tungt for deltakarane å halda farten oppe.

Jonas Håland, Ingeborg Halvorsen og Daniel Eikeland Gjøen.
Jonas Håland, Ingeborg Halvorsen og Daniel Eikeland Gjøen.
Liv Grethe Skjelbreid og eit par småsjenerte jenter på veg ned igjen etter å ha fullført fjellturklassen.
Liv Grethe Skjelbreid og eit par småsjenerte jenter på veg ned igjen etter å ha fullført fjellturklassen.
Resultat frå konkurranseklassane i Ottanosi opp.
Resultat frå konkurranseklassane i Ottanosi opp.

- Eg er nøgd med at eg set ny personleg rekord på ein dag då tilhøva ikkje er dei beste. Det tek eg som eit teikn på at eg er bra rusta for skiskyttarsesongen, seier Bjarte.

Vinnaren i konkurranseklassen for kvinner vart Pernille Iden frå Åsane Sykkelklubb. Ho nådde toppen på 1.15,24.

Beste kvinnelege fusing vart Irene Myrvold frå Fusa Sykkel.

Færre deltakarar

Det dårlege vêret må nok også ta ein del av skulda for at det vart litt dårleg med deltakarar. Totalt stilte det 72 deltakarar - 27 i konkurranseklassen, 13 i turklassen frå Holdhus og 32 i klassen for fjelltur utan sykkel.

- Normalt har Hordaland skiskyttarkrins brukt å ha samling for juniorar og rekruttar på Holdhus same helg. At dei ikkje var her i år gjorde sitt til at det vart litt færre deltkarar, seier Solvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gler seg no til vintersesongen kjem i gang.

- Det blir spennande. No trenar eg for fullt fram mot skimønstringa på Sjusjøen i slutten av november. Der startar sesongen med spring og jaktstart, fortel 23-åringen.

Denne sesongen har han som mål å få gå E-cup-renn.

- Frå Noreg har me seks plassar i V-cupen og seks plassar i E-cupen. Eg meiner det er eit realistisk mål å koma meg inn i E-cup-troppen i løpet av sesongen, avsluttar Solvang.

Resultat i turklassen:

1. Eirik Sæten, Voss 1.16,05, 2. Anders Rød, HIL 1.16,05, 3. Erik Brendhaug, HIL 1.17.00, 4. Sondre Torgilstveit HIL 1.25,50, 5. Edving Øygard, HIL 1.25,55, 6. Solveig E. Gjøen, HIL 1.26,15, 7. Kristi S. Gjelland, HIL 1.26,15, 8. Gaute Torgilstveit, HIL 1.28,40, 9. Vegard Bjørndal, HIL 1.28,45.