Jan Borgen er så absolutt i skotet igjen etter sjukdom og operasjonar. Sist helg tok han sitt 13. NM-gull i stille lengde.
Jan Borgen er så absolutt i skotet igjen etter sjukdom og operasjonar. Sist helg tok han sitt 13. NM-gull i stille lengde.

Tok sitt 13. NM-gull i stille lengde

I NM-comebacket etter å ha vore hjartesjuk gjorde Jan Borgen som han brukar - tok gull i stille lengde.

Friidrettstrenaren frå Os Turn brukte lang tid på å trena seg opp etter hjarteinfarktet og den påfølgjande betennelsen i hjartet hausten 2015. Men no er han tilbake, som han sjølv seier: Frisk som ein fisk.

- Det vart tungt ei stund, men no er forma fin igjen - i alle høve fin nok til at eg kan trena og konkurrera litt, seier 70-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire pallplassar

Etter å ha måtta stå over NM i 2016 var osingen tilbake i NM-samanheng no sist helg.

- Det var veldig kjekt. For oss som er glad i friidrett og å trena, er konkurransane litt ekstra moro, seier han.

Veteran-NM gjekk av stabelen i Nes Arena utanfor Lillestrøm. Borgen var einaste deltakar frå Os.

- Me var ikkje fleire som stilte, men eg sytte no for at klubben vår fekk registrert fire pallplassar, humrar Borgen.

Han konkurrerte i klassen for menn 70-74 år og tok sølv i vektkast, høgde utan tilløp og kulestøyt. I stille lengde vart det gull, igjen.

- Det var godt få konstatert at eg framleis er best, sjølv etter sjukdomsfråværet, ler Borgen.

Med eit hopp på 2,37 m tok han sitt 13. NM-gull i den øvinga.

- Eg er nøgd med det, sjølv om det er litt langt bak persen på 3,40 m. Men då var eg altså berre 18 år, poengterer Borgen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mot fine tider

På Kuventræ har trenarveteranen det siste året hatt hovudansvaret for utøvarane som er over 13 år. Dei er sjølvsagt godt i gang med førebuingane til ein ny utesesong.

- I gruppa er me bortimot 20 utøvarar. Fleire av dei har trena ute ein gong i veka heile vinteren. Snart aukar me på med fleire faste ute-økter.

- Kva blir årets første store stemne?

- Det er nok Mailekene i Haugesund i slutten av mai. Då skal me stilla med ein stor og god Os-delegasjon, lovar Borgen.