Torgeir Lunde & co kom litt til kort mot storvekste Nest-Sotra-spelarar, men det unge Os-laget gav aldri opp og yppa seg etter pause.
Torgeir Lunde & co kom litt til kort mot storvekste Nest-Sotra-spelarar, men det unge Os-laget gav aldri opp og yppa seg etter pause.

Tok svært viktig poeng - Torgeir vart helten

Os kom under 2-0 mot Aalesund 2, men kom tilbake i det 90. minutt.

Os tok eit svært viktig bortepoeng mot Aalesund i ettermiddag. Det skjedde etter ei heroisk opphenting. 

Heimelaget leia 1-0 til pause, og auka til 2-0 i det 65. minutt. Då var vegen til viktige bortepoeng i kampen for å overleva i divisjonen lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Rafael Villen Villen ville det annleis. Berre fire minutt etter at han kom på banen for Hassan El Fakiri, reduserte Villen. Og i det 90. minutt var come backet eit faktum, etter skåring av Torgeir Lunde.

Med dagens uavgjort mot Aalesund sikrar Os plassen viss dei unngår stortap heime mot Brattvåg i siste kamp. Stord og Haugesund 2 ligg bak Os med tre poeng. Os har minus 9 i målskilnad. Stord har minus 14 og Haugesund 2 har minus 19. Haugesund 2 og Stord skal spela mot kvarandre i siste kamp.

Os kan, med poeng mot Brattvåg, samstundes som Lysekloster gjer jobben borte mot Brann 2, syta for opprykk til munkane.