Nøgd karategjeng: Hovudinstruktør Raymond Horne, Tord Sørheim, Alma Horne og lagleiar Erik Sørheim jublar etter innsatsen i NM i helga.

Tok to gull og tre bronsar i Shobu Ippon-NM i helga

Totalt 146 utøvarar deltok i Shobu Ippon-NM i Bergen i helga. Fusa Karateklubb forsynte seg med to gull og tre bronsemedaljar.

Alma Horne tok sitt første NM-gull i Shobu Ippon-NM i fjor. Dette er eit NM som omfattar fleire stilartar enn berre JKA-karate, som Fusa karateklubb praktiserer. I helga mått ho forsvara gullet.

— Det gjekk rimeleg greitt. Eg konkurrerte mot dei same som i fjor, og var best nok ein gong. Det var veldig kjekt, seier Alma.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho tok gullet i kumité — altså kamp — i klassen for jenter 16-17 år. Alma deltok også i 18-årsklassen. Her vart det bronse.

Far og hovudinstruktør Raymond Horne lét seg imponera.

— Den bronsen var sterk. Det var i eliteklassen for 18 år og oppover, så der imponerte ho.

Paul forsvarte gullet

Ein annan som forsvarte gullet var unge Paul Gavin Hauge. Han tok sitt første NM-gull i fjor og gjekk til topps igjen i Bergen i helga. Paul vann klassen for gutar 14-15 år.

Dei andre medaljane som gjekk til Fusa Karateklubb vart henta heim av Tord Sørheim som tok bronse i kumite i klassen for gutar 18-20 år, og David Revne Åkre, Pål Amund Tysnes og nemnde Tord Sørheim som tok bronse i lagkumite.