Topp stemning i blanda vêr

- Vi har måtte endra planane grunna vêret, men det har ikkje påverka stemninga, seier Endre Brenne i Os Fotball, på siste dag av proffskulen på Kuventræ.

Dei kring 40 borna frå 2.- 7. klasse som meldte seg på fotballskulen fekk tre fine dagar med fotball og andre spanande aktivitetar. Men «Mesternes Mester» som Brenne hadde planlagt, gjekk ut grunna snøfallet torsdag føremiddag.

- Planen var at dei skulle få øva seg på balanse, samarbeid, og litt andre kjekke aktivitetar som er inspirert av «Mesternes Mester», men det let seg ikkje gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Quiz, pizza og påskefilm

For det var ikkje berre fotball som stod i fokus på fotballskulen. På programmet var blant anna speedminton og kanonball, quiz og påskefilm.

Då Os og Fusaposten vitja Kuventræ torsdag, såg borna Olsenbanden på storskjerm, før dei fekk pizza til lunsj.

- No skal vi ha turnering, seier Os-trenar Hassan El Fakiri medan han knytt skoa til elevane.

- Det har blitt ein del sko-knyting dei siste dagane. I dag har det vore roleg i forhold til i går, for vi har vore inne heile føremiddagen, seier El Fakiri og smiler.

Ingen primadonnanykker

Os-trenarane El Fakiri og Ørjan Håland var tilstades kvar dag saman med Endre Brenne.

- I tillegg har Sylvia Vangsnes vore i sving på kjøkenet, og vi har hatt med oss A-lags-spelarar og juniorar. Foreldre har også hjelpt til, samt brøytemannskap, som verkeleg var naudsynt i dag, seier Brenne.

Det var nokre restar av snø som låg att etter brøytemannskapet. Det tok El Fakiri og dei andre trenarane seg av.

- Det fins A-lags-trenarar som nektar å ta på seg oppgåver utanom å leia laget sitt. Hassan er på ingen måte slik. Han har ingen primadonnanykker. Han knyter sko og mokar banen om det trengs, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enkel taktikk

Ute på feltet blei spelarane delt inn i lag. Kvart av laga fekk med seg ein trenar. Oppmann Stian Kvåles lag hadde ein enkel taktikk før turneringa tok til.

- Vi skal vinna. Det er vår taktikk, fortel spelarane.

Før dei sette i gong fekk Os og Fusaposten også helsa på vinnarane av fotballquizen.

- Vi måtte blant anna svara på spørsmål om kva Tottenhams heimebane heiter. Det er enkelt. Det er så klart White Hart Lane. Og så måtte vi svare på eit spørsmål om Everton-spelaren Coleman, fortel quizvinnarane.

- Det er snakk om prestisje

Sjølv om det berre var ei lita uviktig fotballturnering, var det tydeleg at i alle fall nokre av trenarane hadde sterke ambisjonar om.

- Det er snakk om prestisje. Klart vi ønskjer at vårt lag skal vinna, seier Brenne.

Han hadde delt inn laga, og sytt for at hans lag hadde gode vinnarsjansar.

Banen vart delt inn i fire mindre banar, der dei yngste vart delt inn i fire lag på eine halvdelen, og dei eldste på andre halvdelen. Brenne som var trenar for eit av dei eldste laga, måtte sjå seg slått i finalen etter straffespark-konkurranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var dårleg coaching som gjorde at vi tapte, seier Brenne og ler.

- Det var ei veldig spanande turnering, og ikkje minst finale, der Frode Valles lag gjekk heilt til topps. Kasper Færøviks lag vann den andre turneringa.

Stor suksess

Fotballskulen er over for denne gong, men det er nok ikkje lenge til neste gang fotballgruppa til Os inviterer til ny samling på Kuventræ.

- Vi har hatt det knallkjekt desse dagane, med mykje, og ikkje minst variert aktivitet. Fotballskulen gjekk knirkefritt, seier Brenne.