Karoline Breivik kunne jubla for siger i Vestlandsmesterskapen i Egersund i helga.
Karoline Breivik kunne jubla for siger i Vestlandsmesterskapen i Egersund i helga.

Toppa podiet

Karoline Breivik var best i sin klasse i Vestlandskapsmesterskapen i Egersund i helga.

- Alle klassane køyrde i lag i innleiande rundar. Der vart det to sjuande-tider og ei niande-tid, seier Karoline.

I finalen måtte ein av tre i hennar klasse stå over grunna motorproblem. Karoline og konkurrenten fekk òg motorproblem i løpet av finalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Bilen min fuska. Det gjorde hans også. Me låg ikkje så langt frå kvarandre, men eg drog litt frå på slutten, seier Karoline.

Dermed kunne ho jubla for siger, og konstatera at ho framleis ligg godt an samanlagt.

- Neste helg ventar NM-runde på Gardermoen, seier rallycross-jenta.