Os Roklubb)
Os Roklubb)

Trippelsiger for dobbeltfirar-gutane

Det har vore mange konkurransar for roarane i Os Roklubb dei siste vekene. Dobbeltfiraren til junior D-gutane har vunne alle.

Regatta-sesongen er for alvor i gang for roarane i Os Roklubb. Sist helg var 12 av dei i aksjon i Christiania Regattaen på Årungen. Denne veka var mange av dei same med på å kjempa om heider og ære i KM på Nordåsvannet i Bergen.

- Gjengen vår har markert seg både nasjonalt og lokalt dei siste vekene. Dei har all mogleg grunn til å vera nøgde med innsatsen, seier Hanne Haaland Hillestad.

Tre strake sigrar

Best av alt har det gått for junior D-utøvarane i Os Roklubb sin dobbeltfirar. Gutane, som er i 11-12-årsalderen vann både laurdag og søndag på Årungen, og no tysdag vart dei krinsmeistrar i dobbeltfiraren sin på Nordåsvannet. Dei fire gutane som utgjer Os Roklubbs dobbeltfirar i junior D-klassen er: Håvard Askvik Mikael Hustad ottesen, Johannes Klyve Forsbø og Lars Eirik Vevatne.

Andre som har gjort det bra i det siste er Arne Hadler-Olsen. Tidlegare i vår vart han klar for U23-VM i Bulgaria. Sist helg tevla han på Årungen med makkarane sine i den norske dobbeltfiraren. Båten vann suverent, og noterte seg for den sterke tida 06,03,9.

Junior B-gutane Aleksander Haaland Hillestad og Oding Hjelm Sørstrønen debuterte på 1.500 m på Årungen. 15-åringane har tidlegare berre rodd 1.000-meter i konkurranse.

Odin Hjelm Sørstrønen tok KM-tittelen i singelsculler på tysdag. Sist helg imponerte han på sin første 1.500 m i Christiania Regattaen.
Odin Hjelm Sørstrønen tok KM-tittelen i singelsculler på tysdag. Sist helg imponerte han på sin første 1.500 m i Christiania Regattaen.
Mathilde Hustad Ottesen tok KM-tittelen i singelsculler på Nordåsvannet.
Mathilde Hustad Ottesen tok KM-tittelen i singelsculler på Nordåsvannet.

- Dei gjorde det kjempebra. Begge rodde singelsculler. Oding vart nummer fire, medan Aleksander tok plassen bak, altså femteplass, fortel Hillestad.

Erling Øyastæter og Mattias Haugland vann herreklassen i debbeltsculler søndag. I singelsculler vart Erling nummer ein, medan Mattias tok andreplassen.

Fleire KM-titlar

Under KM på tysdag var det fleire osingar som vann tittelen i sin årsklasse. Mathilde Hustad Ottesen og Håvard Askvik vann singelsculler 500 meter i junior D-klassen. Håvard vann også dobbeltsculler i lag med Johannes Klyve Rosbø.

Odin Hjelm Sørstrønen gjekk til topps i singelsculler i klassen for herrar junior B. Aleksander Haaland Hillestad tok andreplassen. I dobbeltsculler vart dei to nummer to.