Det  var god stemning både før, under og etter lokaloppgjeret mellom Nore Neset 2 (t.h.) og Nore Neset 3 (t.v.).
Det var god stemning både før, under og etter lokaloppgjeret mellom Nore Neset 2 (t.h.) og Nore Neset 3 (t.v.).

Ultralokalt lokal-oppgjer

Det vart historisk på Nore Neset måndag. Aldri tidlegare har to seniorlag frå NNIL møttes til dyst i seriesamanheng i handball.

Sjansane for at det skulle enda med Nore Neset-siger var rimeleg store måndåg kveld. I seriesystemets lågaste divisjon - 8. divisjon - møttest nemleg Nore Neset 2 og Nore Neset 3 til kamp i Nore Neset idrettshall. Happeningen var såpass stor at den vesle tribunen i hallen nærast var fylt til randen.

Tre damelag

Nore Neset handball opplever svært gode tider. Spesielt på høgare aldersbestemt nivå, og på senior-nivå har dei mange spelarar i klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har klart å leggja til rette for at ungdom og yngre vaksne skal bli i klubben. I dag har me tre damelag som spelar seriehandball. Me har desse to som spelar i 8. divisjon, og så har me førstelaget vårt, som er i 5. divisjon. Det at me har tre lag viser at me har gjort ein del rett og det er gode krefter som styrer i handballgruppa, seier dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag, Jarle Heltne.

Hobbylag mot rekruttar

Kampen måndag stod mellom det vaksne "hobbylaget" Nore Neset 2 og det yngre rekruttlaget Nore Neset 3. Sistnemnde gjeng debuterer i vaksen-serien denne hausten, men har klart overgangen veldig bra.

- Nore Neset 3-laget vårt er i hovudsak 98-laget til klubben. Dei har halde saman i ei årrekkje. Då me skjønte at dei ikkje var gode nok til å spela i bergensserien for 17-19-åringar, melde me dei like godt på på lågaste nivå i vaksen-serien. Så langt har dei utvikla seg godt og lært mykje, seier lagleiar på Nore Neset 3, Sølvi Gustavsen.

Rekrutt-jentene hadde full benk og gav godt med liv frå seg kvar gong lagveninnene skåra.
Rekrutt-jentene hadde full benk og gav godt med liv frå seg kvar gong lagveninnene skåra.
Jentene på det "vaksne" 8. divisjonslaget hang bra med i første omgang, men utover i kampen møtte dei stadig oftare "veggen" mot dei fotrappe, yngre norenesingane.
Jentene på det "vaksne" 8. divisjonslaget hang bra med i første omgang, men utover i kampen møtte dei stadig oftare "veggen" mot dei fotrappe, yngre norenesingane.
Mariell S. Kallekleiv skåra kampens første mål frå sin venstrekant.
Mariell S. Kallekleiv skåra kampens første mål frå sin venstrekant.

I trenartemaet for dei yngre jentene har ho mannen Jaran Gustavsen og osingen Fredrik Andresen.

Fredrik har berre vore med ei lita stund, men følte seg trygg på siger til laget sitt måndag.

- Desse ungjentene kjem til å springa rundt "hobby-laget". Dei vaksne jentene skal få køyrt seg, humra Andresen.

Beit frå seg

Men vaksne jenter er gjerne meir rutinerte. Det tok tid før Andresens spådommar slo til.

I første del av kampen hang Nore Neset 2 godt med, og gav dei yngre jentene juling i dei tettaste duellane. Men etter kvart fekk dei lettbeinte Nore Neset 3-jentene i gang kontringsspelet sitt. Då var det få på andrelaget som klarte å hengja med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til pause stod det 17-11 til ungjentene.

Går for opprykk

Etter kvilen var det tydeleg at dei vaksne norenesingane byrja å kjenna det på pusten. Den yngre garde fekk stadig fleire gode brot, og kontra inn mål etter mål. Tredjelaget gav seg ikkje før dei hadde sett inn 37. Nore Neset 2 stansa på 18.

- Første omgang var rotete. Då trur eg jentene våre var altfor gira. Etter kvilen sleppte dei ned skuldrene og spelte god handball. Eg er stolt over innsatsen. Det var ein morosam kamp, seier lagleiar Gustavsen.

Etter oppgjeret på måndag ligg Nore Neset 3 no på femteplass på tabellen. Med siger neste helg over BSI er dei kanskje oppe på fjerdeplass.

- Målet må vera å rykkja opp til 7. divisjon. Det har me gode sjansar til å klara. Os 3 leiar tabellen. Dei blir nok for tøffe for oss å ta att, men me har gode sjansar til å klara andreplassen. Den gjev også opprykk, seier Gustavsen.

Morosam kamp

Trenar for Nore Neset 2, Jorunn Kårvatn, var godt nøgd med lagets innsats trass i tapet.

- Me gav dei bra motstand så lenge kreftene heldt. Me hadde ikkje all verda håp om siger, men me hadde det morosamt, og det er det viktigaste for laget vårt, seier Kårvatn.

Ho meiner venstreving Maylinn Kartveit var hennar lags beste i lokaloppgjeret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mestskårande i kampen vart Frida Sørås på Nore Neset 3. Ho teikna seg for sju skåringar.