Spikeren i kista. Då 4-0 kom etter 53 minutt - signert Fabian Bødtker - var det spikeren i kista.
Spikeren i kista. Då 4-0 kom etter 53 minutt - signert Fabian Bødtker - var det spikeren i kista.

Utklassing i lokaloppgjeret

– Os 2 skal vera eit betre lag enn Søfteland og det viste vi i dag, seier Os-assistent John Ole Johannessen.

For Johannessen var det ein litt spesiell kamp. Han er nemleg Søfteland-spelar og assistenttrenar for Os 2. Under kampen i dag stod han ved Os-trenar Martin Eidsvik i Os-klede.

– Eg er veldig glad for sigeren. Det var også litt rart å stå på sidelinja som trenar for laget mine medspelarar møter til kamp. Eg føler med Søfteland-trenar Raymond Pedersen, seier Johannessen, etter at Os 2 knuste Søfteland 5–1 på Kuventræ måndag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os skåra – Søfteland bomma

Med litt betre presisjon, kunne kampen ha gått annleis, men der Søfteland bomma på sine sjansar, var Os effektive. Søfteland-spiss Vegard Hjelle hadde ein stor sjanse på stillinga 0-0, men Frode Øvredal i Os-buret redda fint. Knappe minuttet seinare viste Os-spiss Sander Fagerbakke Kvittingen korleis det skal gjerast. Han sette ballen i lengste hjørne bak Even Bjoarvik i Søfteland-buret. Alexander Tøssebro ville ikkje vera dårlegare enn lagkompis Kvittingen, og dobla leiinga etter 20 minutt spelt i det som til då var ein jamn kamp. Stefan Bernsen hadde ei ypparleg mogelegheit til å redusera, men han trefte ikkje ballen reint, og avslutninga trilla på feil side av stolpen. Johannes Jordal var på veg igjennom kort tid etter då Anders Havsgård bomma på ballen i Os-forsvaret, men Øvredal kom ut og fekk avverja.

Byta halve laget

Det stod 2–0 til heimelaget i ein omgang kor Søfteland hang med. Etter pause var det heimelaget som dominerte. Det skulle berre gå fire minutt før publikum fekk sjå ein flott skåring frå Os. Tøssebro slo inn til Steffen Kvamsdal som kom på løp inn i 16-meteren, og knuste ballen i nettet bak Bjoarvik på heil volley. Vondt blei til verre etter 53 minutt. Fabian Bødtker kunne etter ein duell med keeper Bjoarvik og Søfteland-stoppar Per Martin Sælen, rulla ballen i ope mål. Søfteland var heldige som ikkje fekk straffe mot seg berre to minutt seinare, då Sælen dytta med to strake armar i feltet. Dommaren vinka spelet vidare. Med ein halvtime igjen av kampen, hadde Søfteland-trenar Pedersen sett nok, og byta ut halve laget.

– Eg måtte late nokon vera att utpå der. Det var nok eit signal til spelarane. Førsteomgang var grei av oss, men det var ikkje prestasjonen etter kvilen. Vi må berre sjå framover. Vi er berre eitt poeng bak Os 2 på tabellen. At dei har med seg ni spelarar som var med i troppen til A-laget sist kamp, viser at dei tek oss på alvor. Det må vi ta til oss. Det skal bli kamp når dei kjem til Stilvoll til hausten, seier Pedersen.

Egil Thuen skrudde ballen forbi Even Bjoarvik etter 81 minutt spelt.
Egil Thuen skrudde ballen forbi Even Bjoarvik etter 81 minutt spelt.
Klasseskåring av Steffen Kvamsdal.
Klasseskåring av Steffen Kvamsdal.
Stefan Bernsen kunne ha redusert til 1-2, men han trefte ikkje reint.
Stefan Bernsen kunne ha redusert til 1-2, men han trefte ikkje reint.
Etter 60 minutt byta Søfteland-trenar Raymond Pedersen halve laget.
Etter 60 minutt byta Søfteland-trenar Raymond Pedersen halve laget.
Det var ikkje ein stygg kamp, men det kom nokre saftige duellar innimellom. Her ligg Håkon Kvittingen nede etter eit møte med Simon Aasen.
Det var ikkje ein stygg kamp, men det kom nokre saftige duellar innimellom. Her ligg Håkon Kvittingen nede etter eit møte med Simon Aasen.
Ingen mål. Søfteland-spiss Vegard Hjelle hadde ein stor sjanse i førsteomgang, men gjekk mållaus av banen i lokaloppgjeret måndag kveld.
Ingen mål. Søfteland-spiss Vegard Hjelle hadde ein stor sjanse i førsteomgang, men gjekk mållaus av banen i lokaloppgjeret måndag kveld.
Os-keeper Frode Øvredal var kjapt ute då Johannes Jordal var på veg gjennom.
Os-keeper Frode Øvredal var kjapt ute då Johannes Jordal var på veg gjennom.
Her var nok Søfteland heldige som ikkje fekk straffe mot seg.
Her var nok Søfteland heldige som ikkje fekk straffe mot seg.

Trøystemål

Os hadde mange sjansar til å pynta ytterlegare på resultatet. Steffen Ljosheim hadde nokre avslutningar som strauk stolpen. Divaldo Cardoso burde ha skåra på hovudet, men han klarte ikkje å halda ballen nede, og Egil Thuen bomma på ein stor sjanse. Den kunne ha gjort han til tomålsskårar, for etter 81 minutt spelt fekk han ballen godt utanfor 16-meteren til Søfteland – før han venda opp – og skrudde ballen i høyre hjørne bak Bjoarvik. To minutt seinare fekk Søfteland trøystemålet signert Simon Aasen, men det var alt dei fekk med seg frå lokaloppgjeret. Søfteland ligg på fjerdeplass etter seks kampar spelt, eitt poeng bak Os 2 som har 13 poeng. Osterøy toppar tabellen med sine 16 poeng.