Etter fire dagar med tøffe kampar på stranden i Larnaka på Kypros kunne Anders Berntsen Mol og Mathias Berntsen laurdag ettermiddag jubla for EM-tittelen i sandvolleyball. (Privat foto)
Etter fire dagar med tøffe kampar på stranden i Larnaka på Kypros kunne Anders Berntsen Mol og Mathias Berntsen laurdag ettermiddag jubla for EM-tittelen i sandvolleyball. (Privat foto)

Vart europameister i sandvolleyball

Anders Berntsen Mol og makker og søskenbarn Mathias Berntsen gjekk i helga til topps i U20-EM i sandvolleyball.

Fusingen Anders Berntsen Mol har spelt i lag med søskenbarnet frå Aust-Agder sidan dei var gutungar. For to år sidan formaliserte dei samarbeidet og starta offisielt som sandvolleyball-duo.

- Då fekk me på plass eit bra team med mor mi (Merita Berntsen Mol) som mental trenar og far min Kåre Mol og far til Mathias, Jetmund Berntsen som trenarar. Etter det har me jobba hardt for å koma der me er i dag, seier Anders.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag betalte satsinga seg med eit historisk gull i U20-EM i Larnaka på Kypros.

- Det var ei sjukt herleg kjensle å vinna EM-gull. Eg har gått skadd ei lang stund før dette, og under oppkøyringa har eg berre gledd meg meir og meir, fortel Anders.

Han trur suksessen kjem som resultat av spelelyst.

Hovudtrenar Kåre Mol kastar seg med i sigersdansen etter finalesigeren over Frankrike. (Privat foto)
Hovudtrenar Kåre Mol kastar seg med i sigersdansen etter finalesigeren over Frankrike. (Privat foto)

- Me var så uturleg spelesugne og lysten på å visa at me dugar i internasjonal konkurranse. All viljen og tælen gav utslaget. EM-gullet var ærleg fortent, konstaterer Anders på telefon frå Kypros.

Fantastisk ramme

Europameisterskapen i sandvolleyball for U20-lag starta onsdag sist veke. Kampane gjekk heile dagen, og på kvelden var det flomlys-kampar på centercourten.

- Det var eit kjempeflott arrangement, og fantastisk ramme kring kampane - mykje tilskodarar, god musikk og cheerleading-jenter i pausane, fortel Anders.

I puljespelet vann Anders og Mathias alle tre kampane. Deretter slo dei Spania 2-0 i åttandedelsfinalen, før Russland venta på andre sida av nettet i kvarten.

- Russland har normalt veldig sterke lag i sandvolleyball. Før meisterskapen var det dei me frykta mest, seier Anders.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampen vart svært jamn og spennande, og på tribunen var dei norske i mindretal.

- Det var veldig mange russarar der, men Mathias og eg vart berre ekstra motiverte av motstander-fansen. Me var utruleg gira, fortel Anders.

Til slutt drog dei tredjesettet heim med 15-13-siger og vann dermed kampen 2-1.

Heitt oppgjer

Semifinalen gjekk av stabelen laurdag føremiddag. For dei to laga vart kampen ein utfordring på fleire måtar.

- For det første vart det nok ein gong ein jamn og tøff kamp. Men i tillegg til dette sleit me med varmen. Det var nær 40 gradar, og sanden brann sånn under føtene at me nærast burde fått lov til å spela med sko, fortel Anders.

Men det norske laget takla også denne utfordringa, og nok ein gong gjekk dei sigrande av banen med 2-1-siger.

- Også Ukraina var blant førehandsfavorittane. Det er kanskje ikkje å overdriva å seia at Mathias og eg overpresterte i kvarten og semifinalen. Eg trur nemleg aldri me har spelt så bra.

Litt for lett

I finalen var det nok ein gong tid for kveldskamp med flomlys på centercourten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det enda jo med siger, men me fekk aldri fullført kampen. Etter at me hadde vunnet første sett 21-18, måtte den eine franskmannen kasta inn handkledet grunna ein kneskade. Det var litt surt, for Mathias og eg ville svært gjerne spela kampen ferdig. Men no i ettertid, spelar det sjølvsagt inga rolle. Me vann fullt fortent og slo alle dei andre gode laga på vegen til finalen, oppsummerer Anders.