Natalie Totland har eit ønske om å ha fleire treningsseminar i heimbygda Os.
Natalie Totland har eit ønske om å ha fleire treningsseminar i heimbygda Os.

Vart fullbooka i løpet av 24 timar

Bootcampen på Nore Neset vart fullbooka i løpet av 24 timar. No set Natalie Totland opp ei Nore Neset-samling til.

I fem år har Natalie Totland hatt stor suksess som personleg trenar (PT) ved treningsskjeda EVO på Nordås. I 2015 fakturerte selskapet hennar for over ein million kroner. Med det vart ho EVO-kjedas best betalte PT det året.

No ønskjer 25-åringen å inspirera sambygdingane i Os til å finna haustforma. Sjølv om arrangementet berre har vore annonsert på Facebook har ikkje osingane vore seine med å melda seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Treningssamlinga søndag 2. oktober vart fullbooka alt innan eit døgn, men ettersom veldig mange ikkje fekk plass har eg no bestemt meg for å køyra ein ekstra samling helga etter, fortel Natalie.

Førespurd av vener

Dei to trenings-samlingane, som ho har vald å kalla «Fit For Fall», finn plass i Symrasalen i Nore Neset Aktivitetshus finn altså stad søndag 2. og søndag 9. oktober. Initiativet kjem i stand etter fleire førespurnader frå vener og kjente.

- Dei siste åra er det fleire som har spurt om eg ikkje kunne ha eit treningsseminar i Os. For litt sidan tok eg kontakt med Karin Bøyum i Nore Neset Aktivitetshus. Ho tente på ideen. Dermed var det berre å finna ein dato, fortel Natalie.

I fjor fakturerte ho for over ein million kroner. Mykje talar for at 2016  vert eit like bra år for treningsguruen frå Os.
I fjor fakturerte ho for over ein million kroner. Mykje talar for at 2016 vert eit like bra år for treningsguruen frå Os.

Ho garanterer at treningsprogrammet på Nore Neset vert variert, innhaldsrikt og morosamt.

Alt ei veke etter at ho annonserte arrangementet på Facebook er det nesten fullbooka.

Dersom kurset vert så vellukka som ho håpar, klinar ho til med eit endå større treningsarrangement ut på nyåret.

- Då kan det til og med tenkjast at eg køyrer treningsseminaret over to dagar, seier Natalie.

Nytt godt år

Treningsguruen frå Os har elles mange jern i elden, og avtaleboka er stadig like full.

Artikkelen held fram under annonsen.

- 2016 ser ut til å bli minst like bra som i fjor. I år har eg også desse utanlandsturane. Dei har vore ein suksess, seier ho.

I vår hadde ho med seg ein stor gjeng med treningsglade til Kreta. I haust vert det to utanlandsturar til.

- No skal eg først ha ein treningstur til Spania, før eg litt ut i oktober tek eg med meg ein ny gjeng på treningssamling til Kreta. Turane er fylt opp allereie, fortel Natalie.

Ønske om å inspirera

For dei som måtte føla seg kalla til Nore Neset-samlinga vert det både bootcamp, catslide (sklimatter), mobilitetstrening, kosthaldskurs og ein del anna.

- Eg håper elles å gje deltakarane ein solid inspirasjon til å leva sunt og aktivt utover hausten, og som sagt: Vert dette vellukka, så gjer eg det gjerne igjen i større skala, avsluttar PT-en som har nesten 20.000 følgjarar på Instagram.