Danmark-proff: Vegard Leikvoll Moberg er tiltenkt ei indreløpar-rolle i Midt-Jylland-laget i Danmark. Foto: Privat foto

Vegard klar for Silkeborg: – Tok det modigaste og mest spennande valet

Fredag kveld signerte Vegard Leikvoll Moberg for danske Silkeborg. Osingen skreiv 2,5 års kontrakt med superligalaget frå Jylland.

Klokka 20.00 fredag kveld vart det offentleggjort at Vegard Leikvoll Moberg vert proff i danske Silkeborg. Klubben, som har tilhald om kring ein halvtime utanfor Århus, ligg per dags dato på sisteplass i ligaen, men osingen er klokkeklar på at han ikkje hadde skrive under utan at han trudde på fornya kontrakt.

– Her nede er det seriepause og preseason 2. Det passar meg glimrande. No får eg ein god månad med oppkøyring før me spelar første vårkamp i serien 14. februar, fortel Vegard.

Morosam utfordring

Det har vore hektiske dagar for 28-åringen frå Os i det siste. Etter det Os & Fusaposten kjenner til hadde han førespurnad frå fem eliteserielag før han til slutt fatta valet om å gjera danske av seg.

– Det var stor interesse frå eit par, og litt avventande interesse frå tre andre klubbar. Det som gjorde at eg no valde Silkeborg, var rett og slett at dette verka mest spennande, mest nytt, og mest utfordrande, seier Vegard.

Lokalavisa veit at klubbane som var på banen her i Noreg var Bodø/Glimt, Brann, Kristiansund, Start og Mjøndalen.

Merittert trenar

Før han skreiv under såg han lagets to siste kampar i opptak. Opplevinga var udelt positiv.

– Dei vann den eine, og tapte den andre så vidt. Eg fekk verkeleg eit godt inntrykk. Dei spelar veldig fin, god og offensiv fotball. Eg trur eg vil passa inn, seier han.

Lagets trenar er tidlegare storspelar Kent Nielsen, ein mann som var med på å vinna EM med Danmark i 1992, og som har vunne den danske ligaen med OB.

– Praten med han var viktig. Han har trua på meg og vil gjera seg nytte av løpskrafta min til fulle. Slik eg forstår det, vil han nytta meg i ei indreløpar-rolle, slår Vegard fast.

God form

Dei heime i Os er godt nøgd med 28-åringens val, også tidlegare trenarar og støttespelarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg snakka nett med Kjetil (Knudsen). Han har følgd meg i alle år, så det var naturleg å prata litt med han. Han synest eg hadde gjort eit spennande val og ønskte meg lukke til.

Etter det Os & Fusaposten forstår, var Bodø/Glimt ute med nytt tilbod til osingen så seint som denne veka.

– Korleis er forma no då?

– Eg har budd hos dama i Bergen no den siste tida. Der har eg trena mykje åleine og litt med Åsane. Eg har halde forma godt ved like og føler eg skal hengja godt med frå start av her i Danmark, seier han.

Nervepirrande vår

For å redda superliga-kontrakten må Vegard og Silkeborg gå ein tung og tøff veg denne våren.

– No er det seks vanlege seriekampar att. Deretter blir ligaen delt i to play off, ein for å kåra dei beste, og ein for oss på nedste del av tabellen. For oss vil det følgjeleg handla om få eit par andre lag bak oss. Det meiner eg verkeleg me skal klara. Å spela eit nivå under i Danmark er ikkje noko nederlag, men eg er innstilt på at me skal halda oss. Det skal eg jobba steinhardt for at me skal lukkast med, avsluttar osingen.

Han presiserer at me må få med at han framleis har sterke band til Bodø/Glimt og at han takkar heile laget og støtteapparatet der for at han er blitt god nok til å få spela på dette nivået.