Gjev seg: Under eitt år etter at han skreiv treårskontrakt med Brann, gjev Vegard Strønen Skeie opp fotballdraumen og vil heller satsa på andre ting i livet.

Vegard Strønen Skeie legg opp

Han var den første signeringen til Kåre Ingebrigtsen i Brann. Under eitt år etter legg Vegard Strønen Skeie opp.

Vegard Strønen Skeie vel å leggja opp. Det melder Bergens Tidende tysdag føremiddag. Os & Fusaposten har prøvd å koma i kontakt med norenesingen utan hell.

Vegard kom inn i Brann under Lars Arne Nilsen i fjor sommar. Etter at det vart regimeskifte på stadion, vart Vegard signert av Kåre Ingebrigtsen. Deretter venta utlån til Øygarden, der han spelte store delar av haustsesongen fast, før han igjen var tilbake i Brann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette var 20-åringen frå Os med på første del av oppkøyringa til årets sesong, før han på ny vart lånt ut til Øygarden.

– Det var skuffande å føla at dei ikkje villle satsa meir på meg, vedgjekk Skeie til Os & Fusaposten då.

Vegard hadde ein treårskontrakt med Brann som no blir terminert.

brann.no seier ungguten føgjande om avgjerda:

– Eg kjente på det alt i fjor, at eeg ville prøva noko anna enn fotball. Så kom Brann på banen og eg gav det ein skikkeleg sjanse, men no gir eg meg og planen er å ta ei utdanning i Forsvaret, sier Vegard Skeie.

Til nettstaden understrekar han at det er ikkje er noko vondt blod mellom han, og Brann eller Øygarden.

– Vi skil lag som vener. Men fotballen på dette nivået er altoppslukande, seier Skeie, som også forstår om det er mange som vil stilla seg undrande til avgjerda.