På Brann-trening: Vegard Strønen Skeie trenar med Brann denne veka.

Vegard trenar med Brann

Os-spelar Vegard Strønen Skeie trenar denne veka med Brann.

19-åringen som har vore fast på Os sitt A-lag nokre sesongar no, hospiterer denne veka med A-laget til Brann når dei trenar på stadion og på Nymark.

Ifølgje Bergens Tidende har sportsleg leiar i Brann, Rune Soltvedt, ein avtale med Os Fotball om å få sjå an Skeie denne veka, for å læra han å kjenna, og vurdera han opp mot nivået som rår i eliteserien.

Artikkelen held fram under annonsen.

På treninga kunne Vegard ta oppvarminga i lag med sin gamle lagkamerat frå Os Alliansen og Os fotball, Ole Martin Kolskogen.

– Me får sjå om me har fått inn ein som kan fyra litt opp under Ole Martin, og kanskje gå forbi han, sa Soltvedt til BT då dei prata med han tidlegare denne veka.