Vetås redda tre viktige poeng

Sju minutt før ordinær tid ordna Even Vetås 3-2 og sikra tre særs viktige poeng i Lyseklosters kamp for å halda liv i opprykksdraumen.

Vetås sprang inn i bakrommet til Brann 2, skar skrått inn, vridde seg rundt og breisida ballen til høgre for Brann 2-keeperen. Den tidligere Brann 2-spelaren kunne deretter jubla i lag med spelarar og ei rekkje innbytarar som varma opp bak målet til Brann 2.

Heng med i kampen

Brann kom med eit sterkt lag til Lysekloster Framo Idrettspark søndag. Med Azar Karadas, Christian Eggen Rismark og Halldor Stenevik var dei stundom også veldig gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster tok leiinga med Eirik Rode i det 30. minutt. Kvarteret etter utlikna Azar Karadas til 1-1, før Brann 2 gjekk opp i 2-1-leiing i det 52. minutt.

Men etter 2-2 ved Vladan Radojkic og Vetås 3-2-mål, sju minutt før full tid, redda munkane spenningen i avdelinga. Fana leiar framleis med fem poeng etter laurdagens siger over Fana, men avstanden opp auka i alle høve ikkje.

Høgt nivå

Trenar Ruben Hetlevik var ein nøgd og letta mann etter kampen.

– Eg er sjølvsagt glad for at me klarte å vinna kampen og halda liv i opprykkskampen, men reint spelemessig og innsatsmessig ville eg vore nøgd med gutane uansett korleis det hadde enda. Dei matcha i dag eit særs godt Brann 2-lag, og det går lenge mellom kvar gong ein ser eit slikt høgt nivå i 3. divisjon, seier Hetlevik.

Han trur ikkje det Brann 2-laget han såg søndag vil avgje særleg poeng framover.

– Dei er ekstremt gode. Eg trur Sotra skal få slita med å vinna der, seier han.

No har Lysekloster Tertnes og Brodd i dei to neste kampane, før dei tek imot Sotra laurdag 29. september, til det som kanskje blir "seriefinalen" i avdelinga.