Christoffer Hafsås var god for Os i dag. Han stod for fleire mål og målgjevande i storsigeren. (Arkivfoto)
Christoffer Hafsås var god for Os i dag. Han stod for fleire mål og målgjevande i storsigeren. (Arkivfoto)

Viktig storsiger for Os

Os vann heile 8-1 over Arna Bjørnar på Kuventræ i føremiddag.

Os kjempar ein hard kamp for å halda seg i 3. divisjon, og det ser for alvor ut til at spelarane kjem til å gje alt dei har for å klara det. Botnlaget Arna Bjørnar fekk seg ei skåring på Kuventræ laurdag, men dei måtte også plukka åtte ballar ut av eiga nett. Storsigeren gjev nok ein sjølvtillitsboost inn mot dei tre siste kampane i 3. divisjon i år. Ikkje minst gjer sigeren at Os´ målskilnad er enno betre i forhold til laga rundt dei på tabellen.

Os kjempar mot Åsane 2 og Bjarg om fjerdeplassen som sikrar vidare spel i divisjonen. På papiret er det nok dei gule og svarte som har det tøffaste programmet. Neste runde spelar dei borte mot Varegg, som ligg hakket framfor Os på tabellen. Runden etter er det Bjarg som kjem til Kuventræ, før siste kamp går borte mot andreplass Sotra.  Bortekampen mot Varegg går neste laurdag.