Vil ha eigne Os skyttarar i alle LS-finalane

Snart er det klart for Landsskyttarstemnet på Læsja. Os Skyttarlag vil ha eigne utøvarar i alle finalane.

Årets LS går av stabelen på Læsja frå og med fredag 31. juli til fredag 7. august.

For skyttarlaga i Os og Fusa er det mange som er klare for innsats. Os Skyttarlag stiller med 36.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me gler oss veldig til årets LS. Skyttarane våre har gjort ein kjempegod vårsesong, og me har som klart mål å få eigne skyttarar i alle LS-finalane denne gongen, seier skyttarveteran i Os Skyttarlag, Steinar Eidsvik.

Han er sjølv klar for sitt 55. LS-stemnet.

- Det er blitt mange med åra, men det er stadig like moro, seier V73-skyttaren.

Dei yngre skyttarane til Os Turn har gjort det godt i vårsesongen. Nokon av dei kan kanskje hevda seg i LS i Læsja.
Dei yngre skyttarane til Os Turn har gjort det godt i vårsesongen. Nokon av dei kan kanskje hevda seg i LS i Læsja.
Erik Vik frå Strandvik SL trur på god Fusa-innsats under landsskyttarstemnet på Læsja i august.
Erik Vik frå Strandvik SL trur på god Fusa-innsats under landsskyttarstemnet på Læsja i august.

Fleire 350-skyttarar

At laget kan ha mål om å få minimum ein skyttar i kvar av finalane i Læsja, grunngjev han med ei rekkje gode resultat no i vår.

- Det har vore så mange gode resultat at eg ikkje ein gong har oversikta, men me er i alle høve ein fem-seks utøvarar som har skote fullt hus denne våren, så i LS handlar det berre om kven som har dagen, seier Eidsvik.

Han er sjølv blant dei som har skote 350 poeng. I tillegg nemnar han ER-skyttar Amalie Evensen, R-skyttar Sofie Evensen, V65-skyttar Reidar Dale og kona Else Eidsvik i V73-klassen.

- De får berre unnskulda meg dersom eg har gløymd nokon i farten, humrar Eidsvik.

Førebur NC-arrangement

Os Skyttarlag er elles godt i gang med førebuingane til årets store stemne på Os Skytesenter - siste runde av Noregscupen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er så heldige at me får arrangera finalerunden av årets Noregscup. Det blir gjævt. Me reknar med kring 400 deltakarar, og det vil bli full aktivitet på 100- og 200-metersbanen og på feltanlegget vårt, fortel Eidsvik.

Minst 12 fusingar

Tre skyttarlag frå Fusa vil også vera representerte i LS på Læsja. Den største delegasjonen kjem frå Strandvik.

- Me har reist ein bra gjeng dei siste åra. Denne gongen vert me åtte. Seks unge og to vaksne, fortel Erik Vik i Strandvik SL.

Dei unge som stiller frå Strandvik er Solveig Kristin Håvik (Jr), Jens Georg Gulbrandsen (Jr), Håvard Vik (ER), Truls Joar Lie (ER), Hans Olav Flølo (ER) og Jakom Flølo (R).

Dei vaksne er Erik Vik (kl 5) og kona, den talentfulle skyttaren, Tone Andreassen Vik (kl 1).

Frå Hålandsdal/Eikelandsfjorden SL stiller Jarle Berhovde (kl 4) og Arve Rød (V55).

Frå Sævareidfjorden SL er brørne Paul Haugen (V73) og Trygve Haugen (V65) klare for ny innsats.

- Det handlar om å ha dagen. Eg trur nær sagt alle fusingane har sjanse til å nå finalen i sine klassar, dersom dei finn roa og skyt på sitt beste, avsluttar Erik Vik.