Søndag var første dag av VM i roing i Rotterdam. (Arkivfoto)
Søndag var første dag av VM i roing i Rotterdam. (Arkivfoto)

VM i roing: Ror oppsamling måndag

Osingane Arne Hadler-Olsen og Erling Øyasæter får verkeleg brynt seg mot topp motstand i VM i roing. I dag ror dei oppsamlingsheat etter å enda på fjerdeplass i forsøket i går.

Årets VM er rekordstort grunna ei samla gjennomføring av det som vanlegvis er spreidd over tre ulike verdsmeisterskap; Senior i dei ikkje-olympiske klassar, U23 og junior (U19). Med nær 1.900 påmeldte utøvarar frå 71 nasjonar overgår VM i Rotterdam deltakinga som var under OL på Lillehammer i 1994.

Søndag var første dag av VM i roing i Rotterdam. Fasit for det norske U23-laget vart fem lag til kvart- og semifinalar og fire lag til såkalla oppsamling måndag. Mellom dei sistnemnde finn me dobbeltfiraren, der halvparten av roarane er frå Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arne Hadler-Olsen og Erling Øyasæter (begge Os) i lag med Jørgen Mjøs Nilsson og Adrian Lindgren hamna på ein fjerdeplass i forsøket i går.

Australia vann forsøket. Italia tok den viktige andreplassen, framføre Storbritannia. Noreg heldt fjerdeplassen i mål, framføre Irland.

Oppsamlingsheata vert avvikla no i føremiddag.

Her får dulive-oppdatering frå meisterskapen i Rotterdam.