Lenge å venta: Torgeir Lunde og resten av dei aktive fotballspelarane i landet må truleg venta til august med å få spela og trena skikkeleg fotball (Arkivfoto)

Vaksenfotballen må venta ytterlegare

Myndigheitene held fast på at breiddefotball for vaksne må venta til tidlegast august.

Regjeringa seier nei til at breiddefotballen vert opna opp igjen, det kjem fram i ei pressemelding frå Norges Fotballforbund fredag.

Dette gjeld 2. divisjon kvinner, 3. divisjon herrar og nedover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norges Fotballforbund fekk fredag svar på breva dei har sendt til Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet.

I brevet står det at regjeringa, av smittevernomsyn, ikkje vil opna opp for treningar og kampar for breiddefotballaga no i juli. Neste møte mellom partane er ikkje før 10. august, skriv NFF i pressemeldinga.

— Vi har sendt fleire meldingar og fått eit svar som er svært skuffande frå regjeringa. I brevet står det at det er uaktuelt å gjenopna breiddefotballen heilt. Vi har ønskje om å gjennomføra halv sesong i år. Vi har trong for å trena før vi spelar kampar, seier fotballpresident Terje Svendsen til TV 2.