E39: Tipsaren var på veg heim i retning Halhjem, men måtte gjera vendereis ved rundkøyringa på Svegatjørn.

Difor held E39 nattestengd

— Heilt rutinemessig, svarer Statens vegvesen.

Ein merksam lesar knipsa seint måndag kveld eit bilete av det som framstod som eit litt uvanleg scenario på E39 ved Svegatjørn.

— Eg var på veg heim i retning Halhjem etter arbeid, fortel tipsaren som lurer på kvifor tunnelen var stengt i retning Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtsiden skriv i dag at den nye vegen blir nattestengd fire netter på rad. Det kjem likevel an på i kva retning du køyrer.

På heimesida til Vegtrafikksentralen vert det opplyst at det i retning Bergen er snakk om stenging frå måndag 28. november til onsdag 30. november mellom klokka 22 og 05.30.

I retning Halhjem vil det vera nattestengd mellom klokka 22 og 05.30 frå tysdag 30. november til fredag 2. desember.

Pressevakta hos Vegtrafikksentralen, Eivind Austnes, opplyser at årsaka er heilt rutinemessig vask.

— Men dette krev altså nattestenging.