Søvikåsen: Her blir det stengt frå måndag kveld.

Skal bøtta ned: Nattestengjer vegen over Søvikåsen

Klokka 22 i kveld vert vegen over Søvikåsen stengt for all trafikk.

Årsaka er at det er sendt ut farevarsel for mykje nedbør i området.

Bjørnafjorden kommune vel difor å nattestengja den smale vegen over Søvikåsen, også kalla Ole Bulls veg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stenginga gjeld frå klokka 22 måndag kveld og i alle fall fram til klokka 12.00 tysdag.

Kommunen vil då føreta ei ny evaluering.