Travel torsdag: Etter ei natt med mykje snø og slaps, er det mange som har det travelt i morgontimane.

Torsdag føremiddag og ingen klager. Får noko så sjeldan som skryt.

I timane etter stormen «Gerrit», har det ikkje kome ein einaste klage til Vegtrafikksentralen.

Det har vore ei natt med kraftige vindkast, snø og slaps på vegane her vest.

Halhjem-Sandvikvåg vart innstilt frå klokka 1.40 i natt og fram til 5.30 i dag tidleg på grunn av uvêr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men medan andre Hordalands-kommunar opplever innstilte ferjeruter og stengde fjellovergangar, verkar vegnettet i Bjørnafjorden ha greidd seg bra.

— Nei, det einaste vi har høyrt er ein klage på vegen frå Mundheim i retning Gjermundshamn, seier vakthavande trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen.

Men så langt har ingen frå verken Fusa eller Os teke kontakt.

— Så det er vel eigentleg godt nytt. Elles har brøytemannskap og entreprenørar vore ute i heile natt for å halda standarden på vegane, seier han.

Teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune opplyser at ho ikkje har rukke å snakka med entreprenørane enno, og difor ikkje kan svara på korleis stoda er på vegane i kommunen.

Ho ber Os & Fusaposten ringa tilbake om eit par timar.

I mellomtida kan vi lesa på Facebook-sida Oppslagstavlo i Os at brøytemannskapa får noko så sjeldant som skryt:

— Kudos til alle som har brøyta på Os i natt/morges. De har gjort ein knallgod jobb, skriv Kenneth Hausberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt har han fått meir enn 100 «likar» på den kommentaren, og ingen protestar.