Kledd seg ut: Elevane ved Fusa Ungdomsskule hadde ein noko annleis skuledag i går. For det første hadde dei kledd seg ut som det motsette kjønn, og for det andre vart dei 500 000 kroner rikare.

Delte ut 500 000 til elevane ved Fusa ungdomsskule - dette skal pengane gå til

Onsdag vart skuledagen noko utanom det vanlege - på fleire måtar - for elevane ved Fusa ungdomsskule.

For det første hadde alle lærarar og elevar kledd seg ut som det motsette kjønn, og for det andre vart dei 500.000 kroner rikare.

Det vart nemleg i fjor haust kjend at Fusa ungdomsskule, som ein av fire skular i vestland fylke, blei plukka ut til å delta i pilotprosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg - skuleområde», eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og danske Lokale- og Anlægsfonden. No har også Agenda Vestlandet hive seg med på prosjektet, og bestemt seg for å investera 500.000 i kvar av dei fire skulane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Agenda Vestlandet

Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Vest med føremål om å vera ei drivkraft i det grøne skiftet. Stiftinga står bak ei rekke ulike prosjekt som på ulike felt har som mål å styrke regionen for framtida.

Dagleg leiar for Agenda Vestland, Frode Fjeldstad, fortel at det først og fremst var involveringa av elevane som gjorde at dei tende på prosjektet.

– Ofte når ein skal kjøpa noko i det offentlege, så er det ein type «hyllevare». Det blir ein leikeplass, eller ein ballbinge, og den ser lik ut uansett om du byggjer den i Fusa, Bergen eller Oslo for den del. Det som er kult med dette prosjektet er at ein har involvert dei som skal bruka anlegget og høyrt kva dei treng før ein set i gang med å byggja.

Uttdeling på teams: Frode Fjeldstad delte også ut 500.000 til dei tre andre skulane via teams. - Det er jo ikkje heilt enkelt å senda denne gjennom skjermen, så vi får heller senda den med posten, ler han og held opp gåvebeviset.

Vidare fortel Frode at han har tru på at prosjektet kan vera del av ein berekraftig utvikling.

– Vi tenkjer ofte at berekraft berre handlar om klima og slikt, men slik er det faktisk ikkje. Berekraft handlar også om folkehelse og det å skapa gode oppvekstvilkår. Så vi håpar jo no at også det offentlege og politikarane vil vakna litt og innsjå at det faktisk er mogleg å tenkja nytt når det kjem til utbygging av anlegg som til dømes dette.

– Ønskjer seg tak over hovudet

Elevane som har fått æra av å ta i mot gåva frå Agenda Vestland, er 9. klassingane Jon og Sara. Dei fortel at dei gler seg til prosjektet blir sett i gang.

– Det er veldig bra at vi har blitt plukka ut til å delta i dette prosjektet, og at vi no har fått støtte til det. Vi har absolutt behov for eit betre uteområde. Slik det er i dag, så går vi ut og står rett opp og ned i ti minutt, og går inn igjen, fortel Jon, som går i 9. klasse.

Elevane ved Fusa Ungdomsskule har også vore viktige bidragsytarar i planlegginga av den nye uteplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva har vore viktig for dykk i denne planleggingsprosessen?

– Først og fremst har det vore viktig at vi forsøkjer å leggja til rette for ein uteplass som alle kan bruka med ulike aktivitetar som fotball, basket, volleyball og slikt, fortel Sara.

I tillrgg er det særleg eitt ønske som går att blant elevane, nemleg tak over hovudet.

– Det er jo ein del regn her, så det er mange som har sagt at dei ønskjer at delar av uteplassen har tak, slik at ein slepp å bli klissvåt i friminutta. Så biljardbord og bordtennis under tak kunne jo også kanskje vore noko.

Ein møteplass for alle

Rektor ved Fusa ungdomsskule, Vivi Irene Fosse, er også takksam for gåva frå Agenda Vestlandet og gler seg til å ta fatt på prosjektet.

– No byrja eg som rektor her i går, så eg har ikkje fått sett meg inn i alle detaljane enno, men det er absolutt veldig kjekt at vi no skal i gang med dette prosjektet. Vi har ein kjempefin skule som er tipp topp moderne. Det at uteplassen blir sett på som ein del av skulearealet der elevane har alle moglegheiter for både læring og fritid, er veldig bra.

Samstundes understrekar den nye rektoren at uteplassen ikkje berre er til elevane ved skulen, men også til bygda.

– Dette blir for elevane i skuletida og for innbyggjarane elles. Det å ha ein plass å gå til, der ein kan få koma seg ut og møta andre er noko som er veldig viktig for lokalmiljøet i seg sjølv. Det har vi verkeleg fått kjenna på det siste året.