Helga Vikøyr Rød, Wenche Lyssand og Målfrid Bøthun stod på i kafeteriaen.
Helga Vikøyr Rød, Wenche Lyssand og Målfrid Bøthun stod på i kafeteriaen.

- Vi møter kjempefin og hyggeleg ungdom

I kafeteriaen gjekk det i vaflar og Cola-boksar under utdanningsmessa på Nore Neset. - Det har gått i eitt her i heile dag, fortel Wenche Lyssand i Os Lions.

Det hadde vore ein lang dag for damene i kafeteriaen då Os & Fusaposten vitja dei i 13-tida onsdag. Hundrevis av elevar var innom på første dag av messa. Mange av dei tok turen innom kafeteriaen.

- Det har vore ein lang dag, seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til trass for ein hektisk dag, var det ikkje noko å seia på humøret til Lyssand, Helga Vikøyr Rød og Målfrid Bøthun som stod bak disken.

- Vi skulle eigentleg vore fleire, men det var ein som ikkje hadde høve til å stilla, seier Lyssand.

- Kjempekjekt på messa

Rød og Lyssand hadde laga til saman 12 liter vaffelrøre, men dei hadde ikkje mange vaflar å visa fram då fotografen skulle ta bilete.

President i Os Lions, Harald Grotle og messegeneral Bjørn Solheim kosa seg på messe.
President i Os Lions, Harald Grotle og messegeneral Bjørn Solheim kosa seg på messe.
God stemning ved standen til Lions Club Os.
God stemning ved standen til Lions Club Os.

- Vi har berre denne att. Vaflane fyk ut så fort dei er ferdige, seier Lyssand og smiler.

- Kva er det som gjer at de ønskjer å ta del i dette?

- Vi er interesserte i å hjelpa andre. Messa er eit fint høve til å møta dei unge. I tillegg jobbar vi i Os Lions jobbar for ein betre kvardag for dei som ikkje har det så bra, både nasjonalt og internasjonalt, seier Lyssand og legg til:

- Her på utdanningsmessa er det kjempekjekt. Vi møter kjempefin og hyggeleg ungdom.

Inntekt til allmennyttige føremål

Nede blant utstillarane, sat messe-general, Bjørn Solheim og president i Os Lions, Harald Grotle. Dei var blant dei om lag 20 medlemmene i Lions Os som jobba på messa onsdag. Det er fjerde året på rad at den humanitære organisasjonen arrangerer utdanningsmessa på Nore Neset.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Messa er viktig av fleire grunnar, seier Solheim og held fram:

- Pengar som vi får inn på messa, og andre tiltak som tulipansal og liknande, går i éin kasse. Dette er pengar som går til allmennyttige føremål.

- Ikkje ei krone av dette går til drift. Drifta er det medlemmene som står for, seier president Grotle.

Synleggjering av tilboda

I tillegg er utdanningsmessa viktig for ungdomen. Fråfallsprosenten er stor i vidaregåande utdanning i Noreg, og ved å eksponera privat næringsliv, offentlege arbeidsstader og vidaregåande utdanning på ei messe, håpar Os Lions Club å synleggjera eit tilbod som både dei unge og deira føresette sjeldan møter på ein gong elles.

- Verksemder får presentert seg, og ungdom får sjå og høyra om ei rekkja valmoglegheiter. Meininga er at ungdomen skal finna noko dei interesserer seg for, og dermed gjera valet lettare, seier Solheim.